Xylen (dimetylbenzen) er eit hydrokarbon har store likskapar med toluen. Stoffet er òg kjent som Xylol.

Xylen består av ein benzenring med to CH3-grupper. Dei finst tre isomerar av stoffet, desse blir kalla ortoxylen, metaxylen og paraxylen. Forstavinga (orto-, meta-, para-) viser til plasseringa til CH3-gruppene.

Ved romtemperatur er xylen ei fargelaus væske. Xylen finn sin i mellom anna bensin og det blir brukt som løysemiddel. Dei kjemiske eigenskapane varierer noko frå isomer til isomer, smeltepunktet varierer frå -48 °C (m-Xylene) til 13 °C (p-Xylene). Kokepunktet er på ca 140 °C for alle dei tre isomerane.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Xylen» frå , den 1. november 2010.

Kategori:Alkylbenzen Kategori:Helsefarleg luftforureining Kategori:Jordforureining Kategori:Hydrokarbonløysemiddel Kategori:Bulkkjemikal Kategori:Petrokjemikal