mini|Framstilling av ei tradisjonell tekanne med yixing-leire. Yixing-leire eller zisha-leire er ein type leire frå området nær byen Yixing i Jiangsu-provinsen i Kina.
Bruken av leira går attende til Song-dynastiet (960-1279) då lilla leire først vart tatt ut rundt innsjøen Taihu i Kina. Frå 1600-talet vart leirvarene eksportert til Europa.
Det ferdige steintøyet som er nytta i samband med laging og driking av te og andre småting er vanlegvis raudt eller brunt i fargen. Det er kjend som lilla sand-steintøy og er som oftast utan glasur. Leira som er nytta i yixing-steintøy er veldig kohesiv og kan bli forma ved hjelp av begitting, spiralforming eller mest vanleg plateforming. Dei mest kjende produkta laga av yixing-leire er yixingtekanner (宜興紫砂壺; yíxīng zǐshā hú, 'yixing lilla sand-kanne').
Leiretypar mini|Raud tekanne av yixing-leire. mini|Mørk, firkanta yixing-tekanne. Omgrepa «yixing-leire» og «zisha-leire» er ofte nytta som paraplyuttrykk om tre ulike typar steintøy:
Zisha eller zini (kin. 紫砂 eller 紫泥 ; direkte omsett 'lilla leiresand'): er mest vanleg og har fargar frå rosa til brun; mørkebrunt steintøy som gjev namn til type steintøy som vanlegvis er knytt til yixing. Banshanlu: meir sjeldan med fargar frå gulkvit til lysebrun Zhuni (朱泥; direkte omsett 'sinober-leire'): har rike raude fargar; raudaktigt brunt steintøy som er laga av leire med eit høgt jerninnhald. Namnet viser berre til den noko sterke raudtonen på sinober (朱砂; pinyin zhūshā). Det er no 10 gruver som framleis lager zhuni. På grunn av auka etterspurdnad av yixing-steintøy, er zhuni no tilgjengeleg i avgrensa mengder. Zhuni-leire må ikkje forvekslast med hongni-leire (红泥, direkte omsett 'raud leire'), ei anna raud leire.
Duanni (鍛泥; direkte omsett 'forsterka leire'): steintøy som vart tilsett ulike steinar og mineral i tillegg til til zini- eller zhuni-leire. Dette gir ulike teksturar og fargar som spenner frå beige, blå og grøn (绿泥), til svart.
Ved å blande desse leirene kan ein få grøn- og blåfargar.
Mineralsamansetting
Kjemisk er zisha ei blanding av kaolin, kvarts og glimmer med eit høgt innhald av jernoksid. Ho er i hovudsak tatt ut i Huanglongshan og Zhaozhuangshan og har ei litt sandaktig tekstur. Prosessen med å lage til leire er lang og var tradisjonalt ein løyndom. Typisk vart leira brent i ein oksyderande atmosfære ved temperaturar mellom 1100°C-1200°C som er høgare enn med vanleg leire.K.S. Lo, et al., The Stonewares of Yixing: from the Ming period to the Present Day, (London, 1986).
Sjå òg Kinesisk porselen Leiremineral Yixing-tekanne
Bakgrunnsstoff http://www.zisha.cn http://zisha.org Yixing City English Guide (Jiangsu.Net)
Kjelder learn-about-tea.com Denne artikkelen bygger på «Yixing clay» frå , den 1. november 2010.
Kategori:Kinesisk keramikk Kategori:Kinesisk leirekunst Kategori:Kinesisk kunst