Else Bugge Fougner () i Moss er ein norsk advokat og politikar for Høgre. Ho var justisminister frå 1989 til 1990 i regjeringa Syse.
Ho er utdanna cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1971. Med unntak av perioden som justisminister har ho for det alt vesentlege arbeidd i Advokatfirmaet Hjort, der ho er partner. Ho vart høgsterettsadvokat i 1975. Ho har brei erfaring frå sivilrett, strafferett og som rådgjevar for næringslivet, og har hatt ei lang rekkje offentlege verv og styreverv.
Kjelder
Presentasjon på Advokaformaet Hjort sine nettsider
Kategori:Norske justisministrar Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Syse Kategori:Norske advokatar Kategori:Folk frå Moss