Wednesday Morning, 3 A.M. er debutalbumet til den amerikanske viseduoen Simon & Garfunkel, utgjeve 19. oktober 1964. Etter ein tidleg konsert under namnet «Tom and Jerry», fekk dei to kontrakt med Columbia Records seint i 1963. Plata vart produsert av Tom Wilson, medan Roy Halee var lydteknikar. Plateomslaget og etiketten hadde undertittelen exciting new sounds in the folk tradition. Plata vart spelt inn i mars 1964.

Albumet selde opphavleg dårleg og vart gjeven ut like etter The Beatles hadde slått gjennom. Paul Simon reiste då til England, medan Art Garfunkel heldt fram studiet sitt på Columbia University i New York City. Cf. s.94-97. Dei kom saman att seint i 1965. Wednesday Morning, 3 A.M. vart gjeven ut på ny i januar 1966 då fleire radiostasjonar hadde byrja å spele ein nymiksa, elektrisk versjon av songen «The Sounds of Silence», og albumet klatra til 30. plassen på den amerikanske albumlista. Albumet er kanskje mest kjend for den akustiske versjonen av «The Sound of Silence». I 1968 vart albumet òg gjeven ut i Storbritannia i både mono og stereo.

Songen «He Was My Brother» var dedisert til Andrew Goodman, som var ein ven av duoen og ein klassekamarat av Simon på Queens College. Andrew Goodman arbeide frivillig på Freedom Summer i 1964, men vart bortført og drepen i lag med to andre.

Heile albumet kom ut i plateboksane Collected Works og The Columbia Studio Recordings (1964–1970).

Biletet på plateomslaget vart teken på undergrunnsstasjonen ved Fifth Avenue og 53rd Street i New York City.

Innhald

* Paul Kane er eit av psevdonyma til Paul Simon.

Medverkande Paul Simon – akustisk gitar, banjo på «Last Night I Had the Strangest Dream», vokal Art Garfunkel – vokal Barry Kornfeld – akustisk gitar Bill Lee – bass

Salslister Liste (1964 and 1966) PlasseringUK Albums Chart24US Top LPs (Billboard)30

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wednesday Morning, 3 A.M.» frå , den 4. november 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1964 Kategori:Simon & Garfunkel-album Kategori:Columbia Records-album Kategori:Album produserte av Tom Wilson