Den britiske Invasjonen av Martinique fann stad i januar 1759 då ein større amfibisk styrke under Peregrine Hopson gjekk i land på den franske øya Martinique og prøvde å erobre ho utan å lukkast under sjuårskrigen.Anderson s.312–313 Kanoneld frå den britiske flåten var ikkje særleg effektiv mot festninga i Fort-Royal sidan ho låg på nokre høge klipper og det ikkje va gode landgangsplassar i nærleiken. Det britane ikkje visste var at den franske guvernøren Francis de Beauharnais ikkje hatt fått forsyningar på fleire månader og sjølv ei kort omleiring ville ført til at fortet hadde kapitulert. Både Moore og Hopson valde istaden å sjå korleis dei kunne angripe hovudhamna på Martinique, Saint-Pierre. Etter eit planlaust bombardement frå skipa den 19. januar, som igjen hadde liten effekt på forsvarsverka i hamna, trekte dei seg attende og gjekk i staden til angrep på Guadeloupe, der mange franske sjørøvarar heldt til.Dull, s. 138–139

Ekspedisjonen på Guadeloupe vart ein suksess, og øya overgav seg til dei i mai 1759.Simms s.451

I 1760 klarte ein britisk styrke å erobre Martinique.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Invasion of Martinique (1759)» frå , den 13. november 2010. oppgav desse kjeldene: Anderson, Fred. Crucible of War, Faber og Faber, 2000 Dull, Jonathan The French Navy and the Seven Years War McLynn, Frank. 1759: The Year Britain Became Master of the World. Pimlico, 2005 Simms, Brendan. Three Victories and a Defeat: The Rise and Fall of the First British Empire. Penguin Books, 2008

Kategori:Slag i sjuårskrigen Kategori:Historia til Martinique Kategori:Britiske slag Kategori:Franske slag Kategori:Konfliktar i 1759