Kjøpstad er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 3.
Geografi Kjøpstad ligg på sørsida av Skifjorden og grensar i nord og vest til fjorden og i aust til Våge. Det går kommunal veg til Kjøpstadvika frå Fylkesveg 65 i Sogn og Fjordane.
Historie I eldre tid låg Kjøpstad under Losnagodset og frå midten av 1600-talet til 1853 var han i eiga til embetsmannsslekter. Frå 1889 har brukarane vore sjølveigarar. Bortsett frå ein periode på 1600-talet har garden vore einbølt fram til kring 1900. Det har vore husmannsplassar på Båneset og i Kjøpstadvika. Bånes er nemnt som husmannsplass så tidleg som i 1620-åra og vart skilt ut som eige bruk i 1901 Frå 1959 har det vore fire bruk på garden.
Bånes var dampskipstoppestad for Fylkesbaatane eit tiår framover frå 1913. Staden hadde ikkje kai, så folk og last vart rodd ut til rutebåtane.
Namnet Namnet Kjøpstad tyder på at det har vore handelsstad på garden, men ein har ikkje kjelder eller funn som underbyggjer dette. I kjeldene er namnet skrive «Kiepstadt» (1563), «Kiifstaid» (1567), «Kiøbstad» (1608), «Kiøbstae» (1667) og «Kiøbstad» (1723).
Statens kartverk godkjende skrivemåten «Kjøpstad» i 2003 og avslo samtidig å godkjenne «Kiøpstad».
Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.
Stadnamnet Kjøpstad er kjend frå tre andre stader i landet, ei bygd i Gildeskål kommune, og gardar i Vestnes kommune og Sogndal kommune.
Sjå òg Matrikkelgardar i Hyllestad kommune
Kjelder
Vidare lesnad
Bakgrunnsstoff «Kjøpstad» i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv «Kjøpstad» i matrikkelutkastet av 1950 «Kjøpstad» i gardsmatrikkelen for 1886
Kategori:Gardar i Hyllestad