thumb|300px|Orion er eit eineståande stjernebilete, synleg frå dei fleste stadene på jorda (men ikkje naudsynlegt heile året). Eit stjernebilete er ei gruppe stjerner visuelt forbundne til kvarandre i ei spesiell samansetting. I tredimensjonalt rom har dei fleste stjernene liten samanheng med kvarandre, men kan for oss sjå ut til å vera gruppert saman på natthimmelen til himmelkvelvinga. Menneske er svært gode til å finne mønster, og har gjennom tidene gruppert stjerner som ser ut til å vera nære kvarandre i stjernebilete. Eit «uoffisielt» stjernebilete er eit som ikkje er godkjent av Den internasjonale astronomiske unionen, dei blir au kalla «asterismer». Karlsvogna er eit døme på ein asterisme. Stjernene i eit stjernebilete har sjeldan astrofysiske forhold med kvarandre, dei ser berre ut til å vera nær kvarandre observert frå jorda. Dei vil typisk liggje mange lysår frå kvarandre i rommet.

Inndelinga av stjerner i stjernebilete er i utgangspunktet tilfeldig, og forskjellige kulturar har forskjellige stjernebilete. Unntaka er nokre som skil seg ut, dei repeterer seg ofte under forskjellige namn, til dømes Orion og Skorpionen.

Den internasjonale astronomiske unionen (IAU) deler opp himmelen i 88 offisielle stjernebilete med nøyaktige grenser, sånn at heile himmelen er dekt av eitt og eitt stjernebilete. På den nordlege himmelhalvkula er desse i hovudsak basert på stjernebileta i gresk mytologi, nedarva frå mellomalderen. Blant dei er au teikna i dyrekrinsen.

Historia til stjernebileta Hovudartikkel: Oversyn over stjernebileta Lista av stjernebilete i dag er basert på dei romaren Ptolemeius skreiv ned. I nyare tider har denne lista blitt utvida, for å fylle mellomromma mellom stjernebileta til Ptolemeius (grekarane mente at himmelen inkluderte stjernebileta og tomrommet mellom dei). Tolv av stjernebileta på den sørlege himmelhalvkula kunne ikkje sjåast av grekarane, og namna vi nyttar i dag blei skapa av dei nederlandske navigatørane Pieter Dirkszoon Keyser og Frederick de Houtman. Johann Bayer var den fyrste som katalogiserte desse.

Andre foreslåtte stjernebilete kom ikkje gjennom, spesielt kan Quadrans Muralis nemnast (nå ein del av Bjørnepassaren), som meteorsvermen kvadrantidane er kalla opp etter. Stjernebiletet Argo Navis var så stort at det blei oppdelt i fleire mindre stjernebilete.

Stjernenamn Mange stjerner er namnsett ved hjelp av genitivsforma til det latinske namnet på stjernebiletet ho er i. Desse namna inkluderer bayernamna som til dømes α (alfa) Centauri, flamsteednamna som til dømes 61 Cygni og namn på variable stjerner som til dømes RR Lyrae. For meir informasjon om stjernenamna, sjå stjernenamn og liste over stjerner i stjernebilde.

Dei 88 stjernebileta

Latinsk namnNorsk namnForkortingLatinsk genitivHovudstjerneFastlagt av Andromeda Andromeda And Andromedae Alpheratz (Sirrah) Ptolemeius Antlia (Pneumatica)* Luftpumpa Ant Antliae   Lacaille Apus Paradisfuglen Aps Apodis   Bayer Aquarius Vassmannen Aqr Aquarii Sadalmelik Ptolemeius Aquila Ørna Aql Aquilae Altair Ptolemeius Ara Alteret Ara Arae   Ptolemeius Aries Vêren Ari Arietis Hamal Ptolemeius Auriga Kusken Aur Aurigae Capella Ptolemeius Bootes Bjørnepassaren Boo Bootis Arcturus Ptolemeius Caelum [Caela Sculptori]** Gravstikka (Meiselen) Cae Caeli   Lacaille Camelopardalis Sjiraffen Cam Camelopardalis   Plancius Cancer Krepsen Cnc Cancri Acubens Ptolemeius Canes Venatici Jakthundane CVn Canum Venaticorum Cor Caroli Hevelius Canis Major Den store hunden CMa Canis Majoris Sirius Ptolemeius Canis Minor Den vesle hunden CMi Canis Minoris Procyon Ptolemeius Capricornus Steinbukken Cap Capricorni Deneb Algedi Ptolemeius Carina Kjølen Car Carinae Canopus Lacaille Cassiopeia Kassiopeia Cas Cassiopeiae Schedir Ptolemeius Centaurus Kentauren Cen Centauri Rigil Kentaurus Ptolemeius Cepheus Kefeus Cep Cephei Alderamin Ptolemeius Cetus Kvalfisken Cet Ceti Menkar Ptolemeius Chamelaeon Kameleonen Cha Chamaeleontis   Bayer Circinus Passaren Cir Circini   Lacaille Columba Dua Col Columbae Phakt Plancius Coma Berenices Berenikes hår Com Comae Berenices Diadem Ptolemeius Corona Australis Den sørlege krona CrA Coronae Australis Alfecca Meridiana Ptolemeius Corona Borealis Den nordlege krona CrB Coronae Borealis Alphekka (Gemma) Ptolemeius Corvus Ramnen Crv Corvi Alchiba Ptolemeius Crater Begeret Crt Crateris Alkes Ptolemeius Crux (Australis)* Sørkrossen Cru Crucis Australis Acrux Hevelius Cygnus Svana Cyg Cygni Deneb Ptolemeius Delphinus Delfinen Del Delphini Sualocin Ptolemeius Dorado Gullfisken Dor Doradus   Bayer Draco Draken Dra Draconis Thuban Ptolemeius Equuleus Folen Equ Equulei Kitalpha Ptolemeius Eridanus Floda Eri Eridani Achernar Ptolemeius Fornax (Chemica)* Smelteomnen For Fornacis Fornacis Lacaille Gemini Tvillingane Gem Geminorum Castor Ptolemeius Grus Trana Gru Gruis Al Nair Bayer Hercules Herkules Her Herculis Ras Algethi Ptolemeius Horologium Uret Hor Horologii   Lacaille Hydra Vasslangen Hya Hydrae Alphard Ptolemeius Hydrus Den sørlege vasslangen Hyi Hydri   Bayer Indus Indianaren Ind Indi   Bayer Lacerta Øgla Lac Lacertae   Hevelius Leo Løva Leo Leonis Regulus Ptolemeius Leo Minor Den vesle løva LMi Leonis Minoris Praecipua Hevelius Lepus Haren Lep Leporis Arneb Ptolemeius Libra Vekta Lib Librae Zuben Elgenubi Ptolemeius Lupus Ulven Lup Lupi   Ptolemeius Lynx Gaupa Lyn Lyncis   Hevelius Lyra Lyra Lyr Lyrae Vega Ptolemeius Mensa Bordet Men Mensae   Lacaille Microscopium Mikroskopet Mic Microscopii   Lacaille Monocerus Einhyrningen Mon Monocerotis   Hevelius Musca Fluga Mus Muscae   Hevelius Norma Vinkelhaken Nor Normae   Lacaille Octans Oktanten Oct Octantis   Lacaille Ophiuchus Slangeberaren Oph Ophiuchi Ras Alhague Ptolemeius Orion Orion Ori Orionis Betelgeuse Ptolemeius Pavo Påfuglen Pav Pavonis Joo Tseo (Påfuglen) Bayer Pegasus Pegasus Peg Pegasi Markab Ptolemeius Perseus Persevs Per Persei Mirphak (Algenib) Ptolemeius Phoenix Føniks Phe Phoenicis Ankaa Bayer Pictor [Equuleus Pictoris]** Staffeliet Pic Pictoris   Lacaille Piscis Austrinus Den sørlege fisken PsA Piscis Austrini Fomalhaut Ptolemeius Pisces Fiskane Psc Piscium Alrischa Ptolemeius Puppis Akterstamnen Pup Puppis Naos Lacaille Pyxis (Nautica)* Kompasset Pyx Pyxidis   Lacaille Reticulum Nettet Ret Reticuli   Lacaille Sagitta Pila Sge Sagittae Sham Ptolemeius Sagittarius Skyttaren Sgr Sagittarii Rukbat Ptolemeius Scorpius Skorpionen Sco Scorpii Antares Ptolemeius Sculptor [Apparatus sculpturis]** Bildehoggaren Scl Sculptoris   Lacaille Scutum Skjoldet Sct Scuti   Hevelius Serpens Slangen Ser Serpentis Unukalhai Ptolemeius Sextans Sekstanten Sex Sextantis   Hevelius Taurus Tyren Tau Tauri Aldebaran Ptolemeius Telescopium Teleskopet Tel Telescopii   Lacaille Triangulum Australis Det sørlege triangelet TrA Trianguli Australis Atria Bayer Triangulum Triangelet Tri Trianguli Metallah Ptolemeius Tucana Tukanen Tuc Tucanae   Bayer Ursa Major Den store bjørnen UMa Ursae Maioris Dubhe Ptolemeius Ursa Minor Den vesle bjørnen UMi Ursae Minoris Polaris Ptolemeius Vela Seglet Vel Velorum Suhail al Muhlif Lacaille Virgo Jomfrua Vir Virginis Spica Ptolemeius (Piscis) Volans* Flygefisken Vol Volantis   Bayer Vulpecula Reven Vul Vulpeculae   Hevelius Dei med '*' viser namn som nå for tida mest blir nytta utan det som står i parentesen. Namn merkte med '**' viser namn som har blitt heilt endra. Det opphavlege namnet står i fylgjande parentesar: '[ ]' Fargar: Den nordlege stjernehimmelen Den sørlege stjernehimmelen

Sjå au Kinesiske stjernebilde

Bakgrunnsstoff

Stjernebilda (engelsk) Stjernebilda (engelsk) Celestia, gratis 3D nåtids romsimulering (OpenGL) (engelsk) Strasbourg astronomical data centre files on official IAU constellation boundaries Interaktive himmelkart (engelsk) Stjernebilda (engelsk) Stjernebildeartiklar (engelsk) Stjernebilda teikna (italiensk) Bilde av stjernebilda (engelsk)

Kategori:Utvalde artiklar 2010