Bjørnestad er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 9.
Geografi Bjørnestad ligg på austsida av nordarmen til Skifjorden og grensar i nord til Myklebust, mot Rutle og Teige i nordaust og mot Vågane i sør. Fylkesveg 65 i Sogn og Fjordane går over garden.
Historie Det var fire bruk på garden frå 1876 og brukarane vart sjølveigande mellom 1805 og 1857. Garden var bondegods også i gammal tid, men han kom i eiga til kongen i 1617, og sidan var han ei tid del av Svanegodset, før ymse embetsmannslekter eigde bruka fram til leiglendingane kjøpte seg ut.
Det har vore sag på Bjørnestad minst sidan 1600-talet, og det var også kvern der. Fiske har vore ein viktig del av næringsgrunnlaget.
Landhandleri, post, kai og dampskipsstoppestad Det vart drive landhandel på garden frå 1908. Landhandleriet vart seinare flytt ned til sjøen og det vart bygd kai. Oppsitjarane i Skifjorden hadde i eit par tiår arbeidd for å få Fylkebaatane til å leggje dampbåtrute innom fjorden, og då arbeidet førte fram kring 1920 kom Bjørnestad inn som stoppestad. Stoppestaden på Bjørnestad vart lagt ned i 1964.
Frå 1908 var det brevhus på Bjørnestad, med postnummer 5945 BJØRNESTAD. I 1920 vart brevhuset omgjort til postopneri og postnummeret vart endra til 5945 SKIFJORD. Postopneriet vart nedlagt 1. mars 1968.
Skifjorden skule og Skifjord bedehus Skulen for Skifjord-krinsen vart sett opp på garden, og det vart bygd eit bedehus der. Skifjord bedehus var bygd av Gerhard Folkestad i 1914.
Namnet Namnet kjem av førenamnet Bjarni eller Bjørn og viser at det har vore drive gardsdrift på staden i 1000-1500 år. I kjeldene er namnet skrive «Biørnestad» (NRJ. II 140), «Biørnnestadt» (1563), «Biørnestad» (1567), «Biørnstad» (1603 og 1608), «Biørnesta» (1667) og «Biørnstad» (1723).
Bjørnestad er brukt som gardsnamn fleire andre stader i landet.
Statens kartverk godkjende skrivemåten «Bjørnestad» i 1986, men avslo å godkjenne «Biørnastad» i 2006.
Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.
Sjå òg Matrikkelgardar i Hyllestad kommune
Kjelder
Bakgrunnsstoff «Bjørnestad» i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv «Bjørnestad» i matrikkelutkastet av 1950 «Bjørnestad» i gardsmatrikkelen for 1886
Vidare lesnad
Kategori:Gardar i Hyllestad