Torgeir Halvardsson Nes () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Luster i Sogn.
Nes var gardbrukar i heimbygda Luster. Elles dreiv han i tiåra kring 1800 og kjøpte opp gardar i Romsdal, som han selde vidare til folk frå Indre Sogn som så vandra ut frå heimbygdene. Han kom tidleg i kontakt med Hans Nielsen Hauge, og var sentral i lekmannsrørsla i indre delar av Sogn. I 1838 vart han medlem av det fyrste heradsstyret i Luster.
Nes representerte Nordre Bergenhus amt på omframstortinget 1814, og på Stortinget 1815-16 og i 1833. Han var i 1815-16 medlem av tre komitear, kyrkjekomiteen den eine og om sal av embetsgardar ein annan. I 1833 var han medlem av næringskomiteen.
Nes døydde på garden sin i Luster i 1853.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1814 Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Lokalpolitikarar i Luster Kategori:Folk frå Luster