Samuel Simonsson Fede () var frå Kristiansand eller Søgne i Vest-Agder. Han var gardbrukar og stortingsmann.

Mor til Fede flytta til garden med same namnet, etter ho vart enkje. Sonen tok etter kvart over garden og dreiv den vidare. Han vart i 1788 i tillegg postopnar, eit verv han hadde fram til han døydde i 1856.

Fede var 2. representant frå Lister og Mandals amt på Stortinget i 1818. Han var medlem av fem komitear, mellom dei om brennevinsbrenning, om fyr- og merkevesenet og om husmannslova.

Han døydde på garden sin i Kvinesdal i 1856.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Postfolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Folk frå Agder