Notto Jørgensen Tvedt () var ein norsk lærar, kyrkjesongar, gardbrukar og stortingsmann frå Evje i Aust-Agder.

Tveit var son til ein gardbrukar og kyrkjesongar frå Evje. Han var sjølv skulehaldar frå 1812, og vart i 1820 tilsett som kyrkjesongar i Evje og Hornnes og Vegusdal. Frå 1817 var han aktiv som hjelpevaksinatør. Kring 1820 slo han seg ned som gardbrukar på Åneland i Evje. Tveit var presten sin medhjelpar frå 1825 til han døydde.

Tveit var medlem av forlikskommisjonen frå 1833, og frå 1837 av det fyrste heradsstyret i Evje, der han vart vald til ordførar. I 1836 var 1. representant frå Nedenes og Robygdelagets amt på Stortinget, der han var medlem av kyrkjekomiteen. Sameleis på omframstortinget 1836-37.

Tveit døydde på garden sin i Evje i 1839.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Ordførarar i Evje Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Folk frå Evje og Hornnes