Gullik Olsson Bolkesjø () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Gransherad i Telemark.
Far hans var gardbrukar på Bolkejsø. Sjølv tok han i si tid over farsgarden og dreiv denne. I 1839 vart han vald til ordførar i Hjartdal.
Bolkesjø var stortingsmann for Bratsbergs amt i 1827, på omframstortinget 1828, i 1833 og 1839. I 1827 var han medlem i komitear for berg- og skogvesen, 1833 av komiteen for gasje-, budsjett- og skattestellet, samt i 1839 av gasje- og pensjonskomiteen.
Han døydde på garden sin i Gransherad i 1859.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Ordførarar i Hjartdal Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Notodden