Peder Martinsson Fadum () var ein norsk gardbukar og stortingsmann frå Øvre Eiker i Buskerud.
Fadum var fødd på garden Horgen i Øvre Eiker, der faren var gardbrukar. Noko seinare flytta faren til Fadum i Sem i Vestfold og var gardbrukar der. I yngre år var han elev på borgarskulen i Tønsberg, vart så gardbrukar på farsgarden. Frå 1854 var han i tillegg arbeidsstyrar ved telegrafanlegg.
Fadum var ordførar i heradsstyret og medlem av forlikskommisjonen i Sem. Han var stortingsrepresentant frå Jarlsberg og Larviks amt 1851-58. I 1851 var han medlem av konstitusjonskomiteen og arbeidarkomiteen, 1854 og 1857 av vegkomiteen.
Fadum døydde i Sem i 1876.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Folk frå Øvre Eiker Kategori:Folk frå Tønsberg