Mikkel Anderssen Saxlund () var ein norsk gardbrukar, stortingsmann og ordførar frå Vang i Hedmark. Han var far til Even Saxlund.
Han var fødd i Vang, der far hans var gardbrukar. Sjølv kjøpte han i 1802 garden Sakslund i Stange av svigerfaren sin. Han dreiv garden til 1849, då han tok ut kår. År 1822 fekk han i stand kjøp av Stange allmenning for 5 000 spesiedalar. 1838 vart han den fyrste ordføraren i Stange, eit verv han hadde til han døydde.
Saxlund møtte på Stortinget 1815-16 som varamann for Halvor Hoel. Sidan representerte han Hedemarkens amt på Stortinget i 1818 og 1827, samt på omframstortinget 1828. 1815-16 var han medlem av fire komitear, mellom dei var komiteen om finans- skatte-, bank- og pengestellet og komiteen om bergverkslova og Kongsberg sølvverk. I 1818 var han medlem av ti komitear, mellom dei om kontroll med bank- og pengestellet, om tjuverilovgjevinga, om sal av benefisert gods og om sivile og militære embetsgardar. På Stortinget 1828 var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, om kjøpstad på Oplandene og om brennevinsbrenning. År 1818 var han medlem av Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Trondheim.
Han døydde på Sakslund-garden i Stange i 1853. Femti år seinare, 1903, reiste allmenningsstyret i Stange ein minnestein på grava hans på Stange kyrkjegard.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Ordførarar i Stange Kategori:Folk frå Hamar