Vinter-OL 1994 vart arrangert på Lillehammer. Dette var andre gong OL vart arrangert i Noreg og var dei 17. olympiske vinterleikane i rekkja. Delar av leikane vart haldne på Hamar (der Vikingskipet og Hamar OL-Amfi vart bygt for nettopp dette) og på Gjøvik (Gjøvik Olympiske Fjellhall).

Andre byar som hadde ønskt å arrangera meisterskapen, var Anchorage i USA,Östersund og Åre i Sverige og Sofia i Bulgaria.

Norsk flaggberar under opningsseremonien var Bjørn Dæhlie, som deltok i langrenn.

Nyvinningar Ettersom IOK hadde vedteke at sommar- og vinter-OL frå no av skulle haldast med to år imellom, blei OL på Lillehammer arrangert berre to år etter OL i Albertville i 1992. Dette er einaste gongen same typen OL er blitt halde med så kort mellomrom.

Dette OL-arrangementet var det første i historia som der resultata vart formidla direkte via Internett, av det norske selskapet Oslonett.

Idrettsgreiner Aking og bobsleigh Freestyle Ishockey Skøyteløp Kortbaneløp på skeiser Kunstløp Alpine greiner Nordiske greiner Skiskyting

Resultat Beste nasjon vart Russland med 11 gullmedaljar. Noreg ende opp med 10 gull-, 11 sølv- og 5 bronsemedaljar.

Dei norske gullmedaljane kom ved: Johann Olav Koss – (1500, 5000 og 10 000 meter skøyter) Espen Bredesen – 90 m hopp Fred Børre Lundberg – kombinert Lasse Kjus – alpin kombinasjon Stine Lise Hattestad – kulekøyring Thomas Alsgaard – 30 km langrenn (fristil) Bjørn Dæhlie – 10 km langrenn (klassisk), 15 km langrenn (fristil, jaktstart)

Medaljestatistikk Dei beste nasjonane 50px Nr. Nasjon G S B Totalt 1 Russland 11 8 4 23 2 Noreg 10 11 5 26 3 Tyskland 9 7 8 24 4 Italia 7 5 8 20 5 USA 6 5 2 13 6 Sør-Korea 4 1 1 6 7 Canada 3 6 4 13 8 Sveits 3 4 2 9 9 Austerrike 2 3 4 9 10 Sverige 2 1 0 3

Bakgrunnsstoff Nyhendeteneste frå Vinter-OL 1994 Oslonett Norges Olympiske Museum på Lillehammer IOK si side om Vinter-OL 1994 Statistikk frå Vinter-OL 1994 hjå olympia-statistik.de

Kategori:Vinter-OL 1994 Kategori:Idrett i Lillehammer Kategori:1994 i Noreg Kategori:Idrettstilskipingar i Innlandet