Jean de Reszke, eigentleg Jan Mieczysław Reske, (), var ein polsk tenor og pianist som for det meste verka i Frankrike.

Biografi mini|venstre|Jean de Reszke som Romeo.

Reszke utdanna seg til songar i Italia og debuterte i 1874 i Venezia som Alfonso i Leonora. Etter det opptredde han i fleire år i Paris og London. Under fortsette songstudium endra han barytonrøysta si til ein glansfull tenor. Reszke var 1885-89 tilsett ved operaen i Paris. Sidan opptredde han i mange år som gjest både der, i London, og i St. Petersburg. I åra 1893-99 var han kvart år i New York og song på Metropolitan-operaen. Han vart hylla som si tids fremste operatenor, ein verkeleg songkunstnar.

I 1904 tok han avskil frå scena og verka sidan som songlærar i Paris. Mellom elevane hans var den norske tenoren Erling Krogh.

Fremste rolletolkingar Mellom hans roller kan nemnast Raoul i Hugenottene, Profeten, Vasco da Gama i Afrikanerinnen, Romeo, Faust, Cid, Radamés i Aida, Otello, Pajazzo i tillegg til wagnerrollene Tannhäuser, Lohengrin, Walther von Stolzing, Siegfried og Tristan

Kjelder

Artikkel om Jean de Reszke i Ugglan Artikkel om Jean De Reszke i Encyclopaedia Britannica (1911)

Kategori:Operasongarar frå 1800-talet Kategori:Operasongarar frå 1900-talet Kategori:Tenorar kategori:Polske songarar