Llyn Dinas er ein innsjø nær Beddgelert i Gwynedd nord i Wales. Elva River Glaslyn renn gjennom innsjøen.

Llyn Dinas ligg i dalbotn eit par kilometer nord for Beddgelert, om lag 55 meter over havet. Han har eit areal på 27 hektar og er forholdsvis grunn, berre 10 meter på det djupaste. Innsjøen har gode tilhøve for laks og aure.

Innsjøen har fått namn etter den nærliggande Dinas Emrys, ein steinlendt og skogkledd ås like nedanfor innsjøen, der det er funne ruinar av festningsverk frå mellomalderen og eldre tider.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Llyn Dinas» frå , den 22. desember 2010. oppgav desse kjeldene: Geraint Roberts (1995) The lakes of Eryri Carreg Gwalch ISBN 0-86381-338-0

Dinas Kategori:Geografi i Gwynedd