Lake Vyrnwy (walisisk Llyn Efyrnwy) er eit landområde i Powys i Wales, omkring reservoaret Lake Vyrnwy. Det er ein steinbygd dam, bygd i 1880-åra, og den første i verda i sitt slag. Naturreservat og området kring vert styrt av Royal Society for the Protection of Birds (RSPB) og Severn Trent Water. Reservoaret vart bygd for å gje ferskvatn til Liverpool og Merseyside. Det sette botn av Vyrnwydalen og den vesle landsbyen Llanwddyn under vatn. I dag er området eit populært friluftsområde. Reservatet har status som nasjonalt naturreservat, Site of Special Scientific Interest, Special Protection Area og Special Area of Conservation.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lake Vyrnwy» frå , den 23. desember 2010.

Kategori:Geografi i Powys Kategori:Reservoar i Wales Kategori:Innsjøar i Wales