Thomas Wolsey eller Wulcy () var ein kardinal i Den katolske kyrkja. Han var erkebiskop av York og Lord Chancellor of England frå 1514.

Han vart kreert til kardinal i september 1515 av pave Leo X. Det var hans andre konsistorium. Wolsey var kjent for den store prakta han omgav seg med, men var ein slu politikar som i mange år hadde øyret til den ureknelege kong Henrik VIII. Sjølv hadde han ambisjonar om å bli pave. Det som førte til fallet hans var den langvarige striden rundt ynsket til kongen om å bli skilt frå dronninga si for å kunne gifte seg med Anne Boleyn. Mot slutten av livet sitt vart han ført til Tower, skulda for høgforråding. Ei rettssak ville utan tvil enda med dødsdom, men Wolsley døydde i fengselet før saka kom opp. Ryktet sa at han hadde teke sitt eige liv.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Thomas Wolsey» frå , den 24. desember 2010.

Kategori:Rikskanslarar i England Kategori:Katolske biskopar av Durham Kategori:Katolske erkebiskopar av York Kategori:Engelske kardinalar Kategori:Folk frå Ipswich