Symfoni nr. 7 i D-dur, K. 45, av Wolfgang Amadeus Mozart, vart skriven ferdig i Wien i januar 1768 etter at familien hadde kome attende frå Olomouc og Brno i Mähren. Symfonien er i fire satsar. Den første framsyninga var truleg ein privat konsert.Zaslaw, s. 114–18 Symfoni vart omarbeidd og vart overtureen til operaen La finta semplice, K. 51, ISMN M-006-20466-3 komponert og framført seinare same året, og overturen vart igjen seinare omfofrma til ein ny symfoni, i Köchel 1964 (K6) som K. 46a. Autografen på partituret vert i dag bevart i Staatsbibliothek Preusischer Kulturbesitz i Berlin.

Satsar og instrumentering

For den originale (K. 45) versjonen var instrumenteringa strykarar, 2 oboar, 2 horn, 2 trompetar, pauke, fagott, continuo. For den symfoniske overturen (K. 46a) vart trompetane erstatta med fløyter, ein ekstra fagott vart lagt til og ein tok bort paukene.

Allegro, 4/4 Andante, 2/4 Menuett og Trio, 3/4 (denne satsen vart fjerna frå overture-versjonen)Osborne, s. 40 Molto allegro, 2/4

Framføring I følgje musikkanalytikaren Neal Zaslaw vart K. 45 første gong framført på ein konsert halden av prinsen av Galitzin, den russiske ambassadøren, i Wien seint i mars 1768. K. 46b-versjonen vart høyrt på premieren til La finta semplice, i Salzburg den 1. mai May 1769.

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 7 (Mozart)» frå , den 26. desember 2010. oppgav desse kjeldene: Osborne, Charles: The Complete Operas of Mozart Gollancz, London 1992 ISBN 0-575-03823-3 Zaslaw, Neal: Mozart's Symphonies: Context, Performance Practice, Reception OUP, Oxford 1991 ISBN 0-19-816286-3

Bakgrunnsstoff

07