Goodbye Yellow Brick Road er eit dobbeltalbum frå Elton John, utgjeve i 1973 på DJM Records og produsert av Gus Dudgeon.

Albumet er eit høgdepunkt i karrieren til Elton John, og i 2003 kom albumet på 91. plass på musikkmagasinet Rolling Stone si liste over «Dei 500 beste albuma gjennom tidene». Det vart det tredje albumet av Elton John som nådde førsteplassen på Billboard 200 i USA, og det nådde også førsteplassen på albumlista i Storbritannia. I Noreg nådde albumet femteplass og låg på albumlista i 27 veker. Albumet har selt minst 31 millionar eksemplar på verdsbasis.

Singlane «Goodbye Yellow Brick Road», «Saturday Night's Alright for Fighting», «Bennie and the Jets» og «Candle in the Wind» kom høgt oppe på hitlistene i både Nord-Amerika og i Europa.

Innhald Alle songar skrivne av Elton John og Bernie Taupin. Plate ein

Plate to

Medverkande Musikarar Elton John – vokal, piano (1–6,8–17), elektrisk piano (5,6), orgel (3), orgel (7), Farfisa orgel (5,13), mellotron (5,6,11), Leslie piano (11) Dee Murray – bass Davey Johnstone – akustisk, elektrisk, Leslie, slide- og steelgitar, banjo Nigel Olsson – trommer Ray Cooper – tamburin, congatrommer

Andre musikarar Dee Murray, Davey Johnstone, Nigel Olsson – korvokal (spor 1, 2, 4, 10, 13, 17) Del Newman – orkesterarrangement (spor 4, 8, 9, 10, 15, 17) Leroy Gomez – saksofonsolo på «Social Disease» David Hentschel – A.R.P. synthesiser (spor 1 og 12) Kiki Dee – Korvokal på «All the Girls Love Alice»

Medverkande

Produksjon Gus Dudgeon – produsent David Hentschel – lydteknikar Peter Kelsey – assisterande lydteknikar Andy Scott – assisterande lydteknikar Barry Sage – lydbandoperatør David Katz – orkesterkontrahent Del Newman – arrangør David Larkham – kunstnarisk leiar, design Michael Ross – kunstnarisk leiar, design Ian Beck – design Gus Dudgeon – notat John Tobler – notar

Salslister og salstrofé

Vekeslister ListePlasseringAustralske Kent Music Report Albums Chart1Den kanadiske RPM-listaLibrary and Archives Canada. Henta 11. mai 20181Den danske albumlista4Den finske albumlista26Den italienske albumlista5Japanese Oricon LP Chart22Norwegian VG-lista Albums Chart5Den spanske albumlista8Den svenske albumlista7US Billboard 2001Den vesttyske Media Control-lista41

Årslister Liste (1973)PlasseringDen italienske albumlista36Liste (1974)PlasseringDen australske albumlista2Den kanadiske albumlista37UK Albums Chart7US Billboard Year-End1

Sal og salstrofé

Litteratur Robert Dimery, 1001 album du må høre før du dør (2006), s. 300, Orion Forlag AS, Oslo. ISBN 82-458-0759-1

Kjelder ''Denne artikkelen bygger på «Goodbye Yellow Brick Road» frå .

Bakgrunnsstoff Goodbye Yellow Brick Road på Allmusic

Kategori:Elton John-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Album produserte av Gus Dudgeon Kategori:Album spelte inn i Trident Studios Kategori:DJM Records-album Kategori:MCA Records-album 091 112