Solrikser og kaguar, Eurypygiformes, er ein biologisk orden av to nolevande artar, kagu, Rhynochetos jubatus, og solrikse, Eurypyga helias. Dei er monotypiske i sine eigne familiar, Rhynochetidae og Eurypygidae høvesvis. Kagu lever utelukkande på øya Ny-Caledonia, solrikse finst i tropisk regnskog i Mellom-Amerika og i Sør-Amerika. Begge fuglane er rundt ein halv meter lange, nyttar føde av virveldyr og virvellause dyr, og lever i permanent monogami.

Taksonomi Kagu og solrikse var tidlegare klassifisert som Gruiformes, tranefuglar, men dette forholdet var alltid kontroversielt. Nyleg er det samla prov for at kagu og solrikse faktisk er systerartar, utan noko til felles med tranefuglar eller andre fugleordenar.

Eurypygiformes er no anerkjent av International Ornithologists' Union og av American Ornithologists' Union.

Kanskje må òg dei fossile slektene og Messelorni og Aptornis vere ein del av Eurypygiformes. Kagu og solrikse kan vere siste restar av ein mykje større klade av fuglar som var utbreidd over Gondwana og seinare åtskilt når kontinent reiv seg laus.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eurypygiformes» frå , den 2. januar 2011 Referansar

Kategori:Fuglar etter klassifisering