Christian Slater () er ein amerikansk skodespelar fødd i New York.
Tidleg i karrieren spelte Slater i såpeserien Ryan's Hope på ABC før han debuterte på Broadway i 1980 som Winthrop Paroo i The Music Man saman med Dick Van Dyke. På Brodway spelte han også i Copperfield, Merlin, Macbeth, Side Man og The Glass Menagerie. Slater opptredde også ved West End i London i One Flew Over the Cuckoo's Nest og Swimming With Sharks.
I 1985 hadde Slater si første filmrolle i The Legend of Billie Jean som Binx, bror til Billie Jean. Han hadde si første viktige rolle i Rosens navn, der han spelte novise i eit benediktinarkloster saman med Sean Connery. Han fekk også mykje merksemd for rolla si som J.D. i Heathers frå 1989, der han spelte saman med Winona Ryder. På 1990-talet spelte Slater i fleire kassasukksessar som Robin Hood: Prince of Thieves saman med Kevin Costner, Morgan Freeman og Alan Rickman. Sidan 2000 har han arbeidd både med film og fjernsyn, som i seriane The West Wing og Alias.
Filmar (Utval) 1985 - The Legend of Billie Jean 1986 - Rosens navn 1989 - Heathers 1989 - The Wizard 1990 - Tales from the Darkside: The Movie 1990 - Young Guns II 1991 - Star Trek VI: The Undiscovered Country 1991 – Robin Hood - tyvenes prins 1992 - Kuffs 1993 - True Romance 1993 - Viltre hjerter 1994 - En vampyrs bekjennelser 1996 - Broken Arrow 1997 - Austin Powers – Agenten som kom ut av fryseren 1998 - Hard Rain 1998 - Very Bad Things 2001 - 3000 Miles to Graceland 2005 - Alone in the Dark 2006 - Bobby 2007 - He Was a Quiet Man
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad for Christian Slater
Christian Slater hos Internet Broadway Database Christian Slater hos TCM Christian Slater hos Rotten Tomatoes
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Christian Slater» frå , og «Christian Slater» frå den 23. januar 2011.
Kategori:Engelsk-amerikanarar Kategori:Folk frå New York City Kategori:USA-amerikanske skodespelarar