«Better than Today» er ein song av den australske songaren Kylie Minogue frå hennar ellevte studioalbum Aphrodite (2010). Songen kom ut 3. desember 2010 som den tredje singelen frå albumet i Storbritannia. Songen vart skriven og produsert av Nerina Pallot og Andy Chatterley.

Informasjon «Better than Today» fekk stort sett positive kritikkar, og mange likte dansepopstilen. Songen debuterte som nummer 67 på UK Singles Chart, og nådde seinare 32. plass. Plasseringa bygde på digitale sal av albumet, ettersom singelen ikkje vart utgjeven før 3. desember. Listeplasseringa er ei av lågaste Minogue har hatt i Storbritannia. Singelen hadde liknande resultat i andre europeiske land, og nådde 27. plass i Skottland og 63. plass i Frankrike.

Komposisjon «Better than Today» er ein popsong med element frå rock, funk, soul og country. Han tek i bruk elektrisk og akustisk gitar, synthesizer og trommeprogrammering.

Musikkvideo Musikkvideoen var regissert av Kylie Minogue sjølv, og vart vist for første gong 19. november 2010. Videoen byrjar med Kylie Minogue som dansar på ei scene omgjeven av ljos, og kvinnelege dansarar med rosa parykkar og gitaristar med hjelmar på. Minogue blir seinare vist omgjeven av raudt ljos, medan mikrofonen sender ut ljosstrålar.

Format og sporliste CD Single «Better than Today» – 3:25 «Can't Get You Out of My Head» (BBC Live Lounge Version) – 3:16

CD Maxi Single «Better than Today» – 3:25 «Better than Today» (Bills & Hurr Remix Edit) – 3:47 «Better than Today» (The Japanese Popstars Mix) – 6:45 «Get Outta My Way» (BBC Live Lounge Version) – 3:40

7" Single «Better than Today» – 3:25 «Better than Today» (Bills & Hurr Remix Edit) – 3:47

Topplisteplasseringar Toppliste (2010)ListeplasseringAustralia (ARIA Charts)55Frankrike (SNEP)63Skottland (UK Singles Chart)27Storbritannia (UK Singles Chart)32USA (Billboard Hot Dance Club Songs)1 Utgjevingshistorie Land Dato Format Plateselskap Austerrike 3. desember 2010 Digital EP EMI Belgia Canada Danmark Finland Frankrike Tyskland Irland Nederland Sveits Storbritannia Parlophone USA Astralwerks Noreg 6. desember 2010 EMI Sverige Storbritannia 7"-single, CD-single Parlophone Italia 7. desember 2010 Digital EP EMI Spania Taiwan 10. desember 2010 CD single Gold Typhoon Australia 28. februar 2011 Digital EP Warner Music Australia New Zealand USA 8. mars 2011 Remix-EP Astralwerks Australia 18. mars 2011 CD-single Warner Music Australia

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Better Than Today» frå , den 24 januar 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Den offisielle nettsida til Minogue

Kategori:Kylie Minogue-songar Kategori:Singlar frå 2010 Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista