Satengfuglfamilien, Cnemophilidae, er ein ny biologisk familie av sporvefuglar med tre artar funne i fjellskog på Ny-Guinea. Dei var opphavleg tenkt å vere ein del av paradisfuglfamilien Paradisaeidae fram til genetisk forsking ymta om at fuglane ikkje er nært knytt til paradisfuglar i det heile og er kanskje nærare til bærfuglar. mini|venstre|Gulldusksatengfugl, Cnemophilus macgregorii,Litografi av John Gerrard Keuleman, 1891, public domain Felles for alle tre artar av satengfuglar er at hannar er meir fargerike enn hoer, som er lite iaugefallande. Satengfuglar har svake føter, breie gap, og dessutan manglar dei beinstruktur i det nasale område. Alle artar av satengfuglar byggjer overbygde reir, i motsetnad til paradisfuglane. Hoa legg éitt egg og tek seg av det utan nokon assistanse frå hannfuglen. Satengfuglar lever utelukkande på frukt, sjølv i ung alder.
Cnemophilidae er akseptert av ClementslistaOm oppretting av Cnemophilidae i oppdateringar til Clementslista desember 2008, under overskrifta Page 582, genera Cnemophilus and Loboparadisea og av IOC World Bird List.
Artslista Satengfuglfamilien i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:
Slekt Cnemophilus Turkispannesatengfugl, Cnemophilus loriae, Loria's Satinbird, Salvadori, 1894, (LC) Gulldusksatengfugl, Cnemophilus macgregorii, Crested Satinbird, De Vis, 1890, (LC)
Slekt Loboparadisea Gulbrystsatengfugl, Loboparadisea sericea, Yellow-breasted Satinbird, Rothschild, 1896, (NT)
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Cnemophilidae» frå , den 27. januar 2011 Cracraft, J. & Feinstein, J. (2000): What is not a bird of paradise? Molecular and morphological evidence places Macgregoria in the Meliphagidae and the Cnemophilinae near the base of the corvoid tree. Proc. R. Soc. B 267: 233-241. Burnie, David (2007): Bird: The Definitive Visual Guide: Page 371. Dorling Kindersley. ISBN 978-0-7566-3153-6
Referansar
Kategori:Sporvefuglar
Kategori:Fuglar endemiske for Ny-Guinea