Jens Hovland Otterbech () var ein norsk prest, ordførar og stortingsmann frå Tønsberg.

Otterbech var son til ein skipper. Han vart student i 1819 og cand. theol. i 1824. Frå 1824 til 1829 var han sokneprest i Hvaler, sidan sokneprest i Andebu til han døydde. Han var ordførar i Andebu frå 1837 til 1862, medlem av forlikskommisjonen i mange år. Elles var han ofte i fyrste rekke i mange andre saker som gjaldt Andebu og utviklinga av bygda og distriktet.

Otterbech representerte Jarlsbergs og Larviks amt på Stortinget i 1842, 1848 og 1862-63. Han var medlem av desisjonskomiteen 1842 og -48. Til Stortinget 1862-63 var han 1. varamann, men møtte frå 10. november 1862 i staden for Jakob Olsen Skjerven. Under stortingsopphaldet i Christiania fall han om på gata, reiste då heim til prestegarden i Andebu. Der døydde han kort etter.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Ordførarar i Andebu Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Tønsberg