Parken (tidlegare: Københavns Idrætspark eller berre Idrætsparken) på Østerbro i København er det nasjonale fotballstadionet i Danmark og heimestadion for FC København. Sjølve bana målar 105 x 68 m medan lysanlegget er på 1400 lux.

Københavns Idrætspark vart innvia fyrst den 25. mai 1911, men det var ikkje før den 15. november 1990 at det vart sett i gang ei totalrenovering. Stadionet var den nest største byggeplassen i Danmark, berre overgått av Storebæltsambandet, i dei to åra ombygginga fann stad. Banen vart opna igjen den 1. september 1992 under det nye namnet Parken.

Etter ombygginga er det blitt spelt fleire viktige fotballkampar i Parken. Dei mest kjente er finalen i Cupvinnarcupen mellom Arsenal og Parma i 1994 og finalen i UEFA-cupen mellom Arsenal og Galatasaray i 2000. I tillegg er det blitt spelt fleire viktige kvalifiseringskampar av det danske herrelandslaget i fotball.

Det er blitt halde fleire konserter her med store artistar som Depeche Mode, U2, George Michael, Slipknot, Metallica, Michael Jackson, Robbie Williams, The Black Eyed Peas, Bruce Springsteen, Tina Turner og Pet Shop Boys. Parken var arena då Danmark arrangerte Eurovision Song Contest 2001.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Parken» frå , den 6. desember 2010.

Kategori:Byggverk i København Kategori:Skipingar i 1911 Kategori:Eurovision Song Contest 2001 Kategori:Eurovision Song Contest-arenaer