mini| Eurovision Song Contest 1963 (ESC 1963) var den åttande gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i BBC Television Centre i London i Storbritannia. Finalen fann stad laurdag 23. mars. Danmark vann konkurransen med den danske songen «Dansevise», framført av Grethe Ingmann og Jørgen Ingmann.
Dei heldt på stemmesystemet frå året før, men utvida det slik at kvart land gav 5, 4, 3, 2 og 1 poeng til dei fem beste bidraga. Då Noreg annonserte stemmene til programleiar Katie Boyle, var det nokre tekniske problem som hindra ho i å høyre resultata, og ho sa ho skulle kome tilbake til Noreg til slutt. Alle andre hadde høyrt stemmene, og var sjokkerte då Noreg endra på resultata for å sikre sigeren til Danmark over Sveits.
Finale Finalen vart halden den 23. mars 1963 i BBC Television Centre. Danmark vann konkurransen for fyrste gong. Frankrike og Monaco kom på ein delt 5. plass. Nederland, Noreg, Finland og Sverige kom på ein firedelt 13. plass.
Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng 1. Ronnie Carroll «Say Wonderful Things» Engelsk 4 28 2. Annie Palmen «Een speeldoos» Nederlandsk 13 0 3. Heidi Brühl «Marcel» Tysk 9 5 4. Carmela Corren «Vielleicht geschieht ein Wunder» Tysk, engelsk 7 16 5. Anita Thallaug «Solhverv» Norsk 13 0 6. Emilio Pericoli «Uno per tutte» Italiensk 3 37 7. Laila Halme «Muistojeni laulu» Finsk 13 0 8. Grethe Ingmann & Jørgen Ingmann «Dansevise» Dansk 1 42 9. Vice Vukov «Brodovi» Kroatisk 11 3 10. Esther Ofarim «T'en va pas» Fransk 2 40 11. Alain Barrière «Elle était si jolie» Fransk 5 25 12. José Guardiola «Algo prodigioso» Spansk 12 2 13. Monica Zetterlund «En gång i Stockholm» Svensk 13 0 14. Jacques Raymond «Waarom?» Nederlandsk 10 4 15. Françoise Hardy «L'amour s'en va» Fransk 5 25 16. Nana Mouskouri «À force de prier» Fransk 8 13
Kjelder Denne artikkelen bygger på «ESC 1963» og «ESC 1963» frå og VG.no, den 1. februar 2011.
Kategori:Musikk i 1963 Kategori:Eurovision Song Contest etter år