Sprig of Thyme, The Seeds of Love, Maiden’s Lament, Garners Gay, Let No Man Steal Your Thyme eller Rue er ei tradisjonell britisk og irsk folkevise som nyttar botaniske og andre symbol for å åtvare unge folk om farane med falske kjærastar. Songen vart først dokumentert i 1689http://mysongbook.de/msb/songs/l/letnoman.html Let No Man Steal Your Thyme og dei mange variantane har mange forskjellige titlar.

Oversikt

I ein versjon av «Maiden’s Lament»http://www.mudcat.org/@displaysong.cfm?SongID=6666 Maiden’s Lament, fortel forteljaren om å halde hagen sin ryddig og ikkje la noko stele timianen deira. Ein gong hadde ho ei timianspire (sprig of thyme), men gartnarsonen kom med ei raud rose, ein blå fiol og noko bitter rute. Han stal timianen og let berr ruten vere att og ei kryprot voks der timianen hadde stått. Foreldra hennar vart sinte på ho, men ho ville skjere av rosa og plante eit piletre så alle kan sjå.

I ein versjon av «Let No Man Steal Your Thyme», ønskjer ho at ho var i armane til kjærasten, men bed falske menn om å ikkje gje ho årsak til å klage på graset som ho tråkkar ned, for det vil reise seg att.

I somme versjonar av «Garners Gay»http://www.traditionalmusic.co.uk/folk-song-lyrics/Come_All_You_Garners_Gay.htm Come All You Garners Gay, plukker forteljaren opp all ruten og plantar ei eik i staden med hop at ho vil vekse seg sterk.

Andre planter vert òg nemnd i andre versjonar.

Kommentar

Symbolismen i songen er tolka som følgjerhttp://www.mudcat.org/thread.cfm?threadid=7692 Language of Flowers:

Timian - jomfrudom og til ein viss grad tid. Raud rose - romantiske kjærleik, lyst eller omsynslaus kjærleik Fiol - beskjedenheit Piletre - sorg eller fortviling Rute - anger Eik - styrke, lojalitet

Innspelingar

Anne Briggs spelte inn ei utgåve av «Let No Man Steal Your Thyme» (1963) Jim Moray spelte Seeds Of Love på Sweet England (2003) Pentangle spelte inn «Let No Man Steal Your Thyme» på debutplata si The Pentangle i 1968. Shelagh McDonald spelte inn «Let No Man Steal Your Thyme» i 2005 på eit album med same namn. Roberts and Barrand spelte «Garners Gay» på Live at Holstein's! frå 1983.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Sprig of Thyme» frå , den 3. februar 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Engelske folkeviser Kategori:Pentangle-songar