Andorra debuterte i Eurovision Song Contest i 2004 og har delteke seg gongar utan å kvalifisere seg til finalen. Andorra var nærast å kvalifisere seg til finalen i 2007, då gruppa Anonymous endte på tolvteplass i semifinalen. I forkant av Eurovision Song Contest 2010 trakk Andorra seg frå tevlinga og har ikkje delteke sidan.

Historikk Den lille fjellstaten i Pyreneane hadde i fleire år vist interesse i å deltake i Eurovision Song Contest. I 2004 innførte EBU ordninga med semifinale, og Andorra debuterte i tevlinga gjennom det andorranske almennkringkastaren Ràdio i Televisió d'Andorra (RTVA).

«Fast» semifinalist Andorra debuterte i Eurovision Song Contest i 2004 i Istanbul, Tyrkia. Der vart det andorranske bidraget «Jugarem a estimar-nos», av Marta Roure, nr. 18 av 22 deltakarar. Andorra fekk berre 12 poeng - samtlege frå nabolandet Spania.

Dei fem neste åra klarte aldri Andorra å kvalifisere seg til finalen. I 2007 var Andorra ein av førehandsfavorittane med «Salvem el món» av gruppa Anonymous. Bidraget havna til slutt på ein tolvteplass i semifinalen, berre elleve poeng unna kvalifisering til finalen.

I desember 2009 kunngjorde RTVA at Andorra ikkje ville deltake i Eurovision Song Contest 2010 av økonomiske grunnar. Andorra har ikkje delteke i Eurovision Song Contest sidan. Andorra har ikke deltatt i konkurransen siden.

Katalansk gjer sin entré Med debuten til Andorra vart det katalanske språket nytta for fyrste gong i Eurovision Song Contest. Spania har aldri framført noko av sine bidrag på anna språk enn spansk, fransk eller engelsk. I 1968 ville imidlertid den spanske artisten Joan Manuel Serrat syngje det spanske bidraget «La, la, la» på katalansk. Det ønskte derimot ikkje Francoregimet og bytta han ut med Massiel som framførte songen på spansk. «La, la, la» endte opp med å vinne Eurovision Song Contest, hårfint foran førehandsfavoritten Cliff Richard med songen «Congratulations».

Bidraga År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 2004 Marta Roure «Jugarem a estimar-nos» Katalansk colspan=2 rowspan=6 12 18 2005 Marian van de Wal «La mirada interior» Katalansk 27 23 2006 Jennifer Serrano «Sense tu» Katalansk 8 23 2007 Anonymous «Salvem el món» Katalansk og engelsk 80 12 2008 Gisela «Casanova» Engelsk og katalansk 22 16 2009 Susanne Georgi «La teva decisió (Get a Life)» Katalansk og engelsk 8 15

Galleri

Poeng Finalane

+ Andorra har gjeve flest poeng til # Land Poeng 1 60 2 33 3 26 4 21

Semifinalane

+ Andorra har gjeve flest poeng til # Land Poeng 1 48 2 30 3 28 4 19 5 17

+ Andorra har fått flest poeng frå # Land Poeng 1 54 2 10 3 8 4 7

Referansar

Kjelder Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Andorra i Eurovision Song Contest Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Andorra i ESC» frå , den 26. august 2020.

Kategori:Andorra i Eurovision Song Contest Kategori:Land i Eurovision Song Contest Kategori:Musikktevlingar