«Ibiza Bar» er ein song av det engelske rockebandet Pink Floyd, gjeven ut på det tredje albumet deira, More.
Musikk Songen opnar med eit riff på rytmegitar som liknar riffet i «The Nile Song». Men i motsetnad til denne songen byter ikkje «Ibiza Bar» toneart, og held seg til E- og D-dur-akkordar, og eit refreng som vert oppløyst i A-dur. Refrenget kan seiast å modulere, via ein akkordserie basert på forteikn, all dur-akkord: A til C, G til B, og F attende til A. David Gilmour bruker mykje ekko på gitarsoloen sin. Denne og «The Nile Song» er nokre av få gonger bandet spelte ein mykje tyngre og hardare stil, i lag med Part 2 av «The Narrow Way» frå Ummagumma, «The Gold It's in the...» frå Obscured by Clouds og «Young Lust» frå The Wall.
Medverkande David Gilmour – elektrisk gitar, solovokal Rick Wright – piano, Farfisaorgel, korvokal Roger Waters – bassgitar Nick Mason – trommer
Andre versjonar Songen vart spelt av av psykedelisk/grunge band Love Battery på albumet deira Between the Eyes, og Replicants på det sjølvoppkalla debutalbumet deira.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ibiza Bar» frå , den 14. juni 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Songar om Ibiza Kategori:Songar skrivne av David Gilmour Kategori:Songar skrivne av Nick Mason Kategori:Songar skrivne av Richard Wright Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Richard Wright Kategori:Songar produserte av Nick Mason