Horace-Bénédict de Saussure () var ein sveitsisk naturforskar og far til Nicolas-Théodore de Saussure.
Saussure var 1762-1786 professor i fysikk og filosofi i Genève. Han gjorde studiet av Alpane og Jurafjella, og studerte dei geologiske, meteorologiske, fysiske og plantegeografiske tilhøva der. Han studerte òg termikk, og korleis lekamar utvidar seg når dei vert varma opp. I 1783 fann han opp hårhygrometeret. Resultatet av forskinga si skreiv han ned i Voyages dans les Alpes (fire volum, 1779-1796).
Saussure slutta seg ikkje til nokre av dei stridande geologiske skulane, heller ikkje sette han opp noko nytt geologisk system, som ofte var vanleg der.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Horace-Bénédict de Saussure» frå , den 27. februar 2011. oppgav desse kjeldene: https://runeberg.org/nfcd/0456.html
Kategori:Sveitsiske botanikarar Kategori:Sveitsiske fysikarar Kategori:Sveitsiske geologar Kategori:Sveitsiske meteorologar Kategori:Sveitsiske professorar Kategori:Folk frå Geneve Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet