Pokémon Black og White er rollespel utvikla av Game Freak og utgjeve av Nintendo på Nintendo DS. Dei er dei første spela i den femte generasjonen i rollespel-serien Pokémon. Black and White kom ut i Japan den 18. september 2010, i Europa den 4. mars 2011 og i Nord-Amerika den 6. mars 2011.

Spelmekanikkane i Pokémon Black og White liknar tidlegare spel i Pokémon-serien, men introduserer nokre nye endringar av mekanikkane i spela. Spelet handlar om ferda til ein pokémon-trenar gjennom regionen Unova, medan ein trenar opp pokémonar som blir nytta til å slåst mot andre trenarar. Det endelege målet i spelet er å bli den beste pokémontrenaren i regionen ved å nedkjempa ei gruppe av dei beste trenarane i pokémon-verda. Black og White introduserer 156 nye pokémon-figurar, som får det samla talet på pokémonar opp i 649 monster. Pokédexen, som fungerer som eit register over alle typar pokémonar, kan ein fullføre ved å få tak i alle 649 pokémon. Black og White kan spelast kvar for seg, men ein treng å byte pokémonar mellom spela for å fullføre pokédexen. Begge titlane er uavhengige av kvarandre, men har stort sett same historie og verd.

I forkant av utgjevinga vart Black og White dei raskaste DS-spela noko sinne til å nå ein million førehandsbestillingar i Japan. I januar 2011 var spela dei raskaste DS-titlane til å selja fem millionar eksemplar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pokémon Black and White» frå , den 4. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell japansk nettstad Offisiell nettstad (global)

Kategori:Dataspel frå 2010 Kategori:Nintendo DS-spel Kategori:Pokémon Kategori:Game Freak-spel