Wet Dream er det første soloalbumet til klaverspelaren i Pink Floyd, Richard Wright, i 1978.

Komposisjon Wet Dream var produsert av Wright sjølv, og han skreiv alle songane utanom «Against the Odds», som var skriven i lag med den dåverande kona, Juliette, som då ho heitte Juliette Gale hadde vore medlem i ein av dei første variantane av det som utvikla seg til å bli Pink Floyd.

Wright sa: «Eg fekk tilbake den kreative energien for den neste Pink Floyd-greia med dette albumet.»

Utgjeving og mottaking Albumet selde særs dårleg då det kom ut. Albumet har lenge vore utselt i Storbritannia, men kom ut på CD i USA og Canada i 1990-åra med noko suksess, og igjen i Australia i 2008, like etter Wright døydde.

Innhald

Medverkande Rick Wright: Piano, klaverinstrument, elektrisk piano, Hammondorgel, Oberheim Synthesizer, vokal Mel Collins: saksofon, fløyte Snowy White: gitar Larry Steele: bassgitar Reg Isidore: trommer, perkusjon Hipgnosis: design og fotografi

Salslister Album - Billboard (USA) ÅrListePlassering1978Pop Albums203

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wet Dream (album)» frå , den 6. juli 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1978 Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:Harvest Records-album Kategori:EMI Records-album Kategori:Columbia Records-album Kategori:Album produserte av Richard Wright Kategori:Richard Wright-album