7-Tease er det tolvte studioalbumet av den skotske visesongaren Donovan. Det vart gjeve ut i USA i november 1974 og i Storbritannia i januar 1975.

Historie Etter at Essence to Essence selde svakt, gjekk Donovan i studio igjen seint i 1974 med ein annan produsent og nye songar. Songane var meint for eit teaterstykke og varierte frå raske songar til balladar som Donovan hadde vorte kjend for.

Somme av songane på 7-Tease har tekstlinjer eller melodiar frå tidlegare Donovan-songar. «The Voice of Protest» inneheld ei linje om eit skip som går «all on her starry way», direkte frå «The Voyage of the Moon» på H.M.S. Donovan. Melodien på «How Silly» er nesten identisk til «A Funny Man» frå H.M.S. Donovan. Sidan H.M.S. Donovan selde dårleg, kan det vere at likskapane ikkje vart lagt merke til av særleg mange.

7-Tease gjorde det noko betre enn forgjengaren i USA, men markerte likevel nedgangen i populariteten til Donovan.

Innhald

2004-utgåva

Medverkande Donovan - vokal, akustisk gitar, bass, munnspel Reggie Young - elektrisk gitar Teddy Erwin - elektrisk gitar på «Your Broken Heart» og «Moon Rok» Johnny Christopher - rytmegitar Norbert Putnam - bass David Briggs - klaverinstrument, strykararrangement Kenneth Buttrey - trommer, perkusjon Ben Cauley, Charlie Rose, Harrison Calloway, Harvey Thompson, Ronnie Eades, Bill Puett, George Tidwell, George Bohanon, Johnny Rotella, Tony Terran - blåseinstrument Buffy Sainte-Marie, Byron Warner, Florence Warner, Ginger Holladay, Lea Jane Berinati, Mary Holladay - korvokal Sheldon Kurland - konsertmeister Red Callender - bass på «Salvation Stomp» Mike Melvoin - klaverinstrument på «Salvation Stomp» Earl Palmer - trommer, perkusjon på «Salvation Stomp»

Bakgrunnsstoff 7-Tease - Donovan Unofficial Site

Kategori:Donovan-album Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Album produserte av Norbert Putnam Kategori:Epic Records-album