The Doors er debutalbumet til det amerikanske rockebandet The Doors, spelt inn i august 1966 og gjeve ut i januar 1967. Det inneheld gjennombrotssingelen deira «Light My Fire», ein langt lengre versjon enn singelutgåva, og den lengre songen «The End».

The Doors har sagt at suksessen med det første albumet deira kom av at dei kunne spele songane kveld etter kveld på Whisky a Go Go og London Fog. Albumet vart rangert på 42. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Bakgrunn Den endelege besetninga til The Doors kom til halvvegs i 1965 etter at brørne til Ray Manzarek forlet bandet og Robby Krieger kom inn.The Doors: The Doors by The Doors, 2006, s. 37 The Doors signerte opphavleg ein kontrakt med Columbia Records for seks månader, men bandet gjekk med på å bli frigjeven frå kontrakten etter at dei ikkje klarte å finne ein produsent for albumet.The Doors: The Doors by The Doors, 2006, s. 53 The Doors spelte så på klubbar som London Fog og Whisky a Go Go fram til dei vart signert til Elektra records av Jac Holzman.The Doors: The Doors by The Gorillaz , 2006, s. 58

Produksjon Albumet vart spelt inn i Sunset Sound Studios i California i løpet av seks dagar med produsenten Paul Rothchild og lydteknikar Bruce Botnick.The Doors: The Doors by The Doors, 2006, s. 68 Det vart nytta fire spor for albumet, bass og trommer på eitt, gitar og orgel på eit anna, vokalen til Morrison på det tredje, medan det fjerde vart nytta som ekstraspor.The Doors: The Doors by The Doors, 2006, s. 68 Under innspelinga av albumet nytta dei bassist på nokre av songane, medan Ray Manzarek på scenen spelte klaverbass med venstrehanda.The Doors: The Doors by The Doors, 2006, s. 71 For songane «The End» og «Light My Fire» vart to opptak spelte inn og limt saman for den endelege songen.The Doors: The Doors by The Doors, 2006, s. 71

Låtskriving og komposisjon Alle songane vart tilskrivne heile bandet, men dei viktigaste låtskrivarane var Morrison og Krieger. Ødipus-klimakset i «The End» vart først framført på konsert på Whisky A Go Go og The Doors vart kasta ut av klubben etter at Jim Morrison skreik «Mother...I want to fuck you!» nær klimakset i songen. «Alabama Song» vart opphavleg skriven og komponert av Bertolt Brecht og Kurt Weill for operaen Aufstieg und Fall der Stadt Mahagonny. «Back Door Man» var ein song av Howlin' Wolf. Linja «Some are born to sweet delight, some are born to endless night» frå «End of the Night» er sitert frå William Blake-diktet «Auguries of Innocence».

Mottaking The Doors klatra stadig oppover Billboard 200, og vart etterkvart ein stor suksess i USA, så snart «Light My Fire» byrja å klatre på lista. Albumet nådde andreplassen på lista i september 1967. I Europa måtte bandet vente litt lenger før det tok av og «Light My Fire» stoppa på 49. plass i Storbritannia, og albumet gjekk ikkje inn på lista i det heile. Etter at Oliver Stone-filmen The Doors kom i 1991, vart «Light My Fire» gjeven ut på n y og nådde sjuandeplassen, medan albumet gjekk inn på lista og nådde 43. plass. Til slutt låg det lengre på den britiske albumlista enn noko anna Doors-album.

Albumet er rangert på 42. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene. Q tok med albumet blant dei 100 beste albuma nokon sinne, medan det vart rangert på 25. plass på lista til NME.http://www.cduniverse.com/productinfo.asp?pid=7384717 Kritikar og historikar Piero Scaruffi meinte at The Doors var det femte beste rockealbumet nokon gong.Scaruffi, Piero. scaruffi.com 100 Greatest Rock Albums

Sensur Songane «Break on Through (To the Other Side)» og «The End» vart begge sensurerte på albumet. Under «Break on Through» der Jim Morrison syng «She gets, she gets» song han opphavleg «She gets high». I vokalmellomspelet nær slutten på «The End» syng Morrison fuck fleire gonger, og dette vart fjerna frå stereoutgåva av albumet. Det vart derimot verande att på mono-utgåva. Seinare utgjevingar av albumet har teke dette inn att. Bandet aksepterte denne sensuren, men ville ikkje endra teksten på «Light My Fire» på den kjende framføringa deira for Ed Sullivan Show der dei song «Girl we couldn't get much higher».

Innhald

Medverkande

The Doors Jim Morrison – solovokal Ray Manzarek – Vox Continental-orgel, Fender Rhodes pianobass, piano på «The Crystal Ship», «Back Door Man» og «End of The Night», marxophone på «Alabama Song», korvokal på «Alabama Song» Robby Krieger – sologitar, bassgitar på «Soul Kitchen» og «Back Door Man»,THE DOORS | Mr. Mojo Risin': The Story of L.A. Woman Q&A and Performance - YouTube korvokal på «Alabama Song» John Densmore – trommer, perkusjon, korvokal på «Alabama Song»

Andre medverkande Larry Knechtel (ikkje oppført) – bassgitar på «Twentieth Century Fox», «Light My Fire», «I Looked At You» og «Take It as It Comes»

Produksjon Paul A. Rothchild – produsent, korvokal på «Alabama Song» Bruce Botnick – lydteknikar Doug Sax – mastering

Salslister

Album Liste (1967)Plassering

Singlar År Singel Liste Plassering1967«Break On Through (To the Other Side)»B-side: «End of the Night»Pop Singles126Whitburn, Joel. Bubbling Under Singles & Albums (1998): 66.1967«Light My Fire»B-side: «The Crystal Ship»Pop Singles1

Salstrofé

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Doors (album)» frå , den 17. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Doors-album Kategori:Debutalbum frå 1967 Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Album produserte av Paul A. Rothchild Kategori:Elektra Records-album Kategori:Plateomslag av Joel Brodsky Kategori:United States National Recording Registry-innspelingar Kategori:Album spelte inn i Sunset Sound Recorders 042 086