«The Unknown Soldier» var den første singelen frå The Doors-albumet Waiting for the Sun i 1968. Det vart laga musikkvideo til songen, som ein av få bandet lagde.
Songen var reaksjonen til Jim Morrison på Vietnamkrigen og måten konflikten vart vist i amerikanske media på denne tida. Linjer som «Breakfast where the news is read/Television children fed/ unborn living, living dead/bullets strike the helmet's head», omhandlar korleis krigsnyhendene vart presenterte i stovene til vanlege folk. I starten, samt etter halve songen er unnagjort, kjem det mystiske lydar frå orgelet, som skildrar mysteriet kring «den ukjende soldaten».
Midtvegs i songen produserer The Doors lydar som høyrest ut som ei avretting. Det starta med militærtrommer, samt lyden av ein sersjant som held takten, fram til han seier «READY? HALT, PRESENT ARMS», etterfølgd av rifler som vert ladde, ein lang militær trommevirvel, ein pause og så geværskot. På konsertane pleidde Robby Krieger å peike gitaren mot Morrison som eit gevær, medan trommeslagar John Densmore etterlikna geværskotet med eit hardt slag, der han som regel knekte trommestikka langs kanten av tromma, medan Morrison fall skrikande til bakken. Etter den midtre delen starta versa igjen og songen endar med Morrison si ekstatiske feiring av at krigen er over.
Singelen vart den fjerde singelen til bandet på Topp 40 i USA, då han nådde 39. plass på Billboard Hot 100.
Salslister Liste (1968)PlasseringUS Billboard Hot 10039
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Unknown Soldier (song)» frå , den 17. mars 2011.
Kategori:The Doors-songar Kategori:Antikrigssongar Kategori:Songar skrivne av John Densmore Kategori:Songar skrivne av Robby Krieger Kategori:Songar skrivne av Ray Manzarek Kategori:Songar skrivne av Jim Morrison Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Songar produserte av Paul Rothchild Kategori:Songar om Vietnamkrigen Kategori:Elektra Records-singlar