Magdalena Ewa Tul () er ein polsk songar.

Eurovision Krajowe Eliminacje 2011 Magdalena Tul deltok med songen «Jestem» i Krajowe Eliminacje 2011, den polske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Songen, som vart framført på polsk, vann finalen med 44,47 prosent av røystene og fekk representere Polen.

Eurovision Song Contest 2011 Det vart annonsert at songen ville verte framført på engelsk med tittelen «First Class Ticket to Heaven», men valet fall til slutt på den polskspråklege originalversjonen med tittelen «Jestem». Polen deltok i den fyrste semifinalen Eurovision Song Contest 2011 og enda på 19.- og sisteplass med 18 poeng; fem frå Storbritannia, fire frå Georgia og Ungarn, tre frå Noreg og to frå Litauen. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på 17. plass med 25 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 18. plass med 13 poeng. Bidraget gjekk ikkje vidare til finalen, og vart det polske bidraget med dårlegast plassering sidan debuten i 1994.

Die grosse Entscheidungsshow 2013 Med songen «Give It Up» deltok Magdalena Tul i ei internettrøysting for å delta i Die grosse Entscheidungsshow, den sveitsiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Ho gjekk ikkje vidare til finalen, og fekk heller ikkje representere Sveits.

Eurovision Song Contest 2014 Saman med Paweł Sztompke, Dorota Szpetkowska, Krzysztof Kasowski og Mieczysław Szcześniak var Tul ein del av den polske juryen i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Røystene frå juryen vart sett saman med dei polske telefon-, SMS- og App-røystene, og utgjorde 50 prosent av røystene frå Polen. Juryen røysta i den andre semifinalen, der Polen deltok, og finalen.

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Magdalena Tul» frå , den 19. mars 2011.

Fotnotar

Kategori:Polske songarar Kategori:Polske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2011-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2011-låtskrivarar Kategori:Polske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Die grosse Entscheidungsshow 2013-deltakarar Kategori:Polske The Voice-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2014-jurymedlemmar Kategori:Polske Eurovision Song Contest-jurymedlemmar