«L.A. Woman» er ein song av det amerikanske bandet The Doors. Songen er tittelsporet på albumet L.A. Woman frå 1971, det siste albumet med frontmannen Jim Morrison før han døydde.
I avslutninga på songen syng Morrison fleire gonger Mr. Mojo Risin', som er eit anagram av «Jim Morrison».
Songen vart spelt inn i The Doors Workshop på Santa Monica Boulevard i West Hollywood i Los Angeles, mellom desember 1970 og januar 1971. Marc Benno var andregitarist på innspelinga, medan Jerry Scheff spelte bassgitar.
Albumversjonen startar med eit bassriff som høyrest ut som «God Save the Queen» eller «My Country Tis of Thee».
Video I 1985, 14 år etter Morrison døydde, regisserte Ray Manzarek ein musikkvideo for songen. Han vart vist på MTV og finst i Doors-filmen Dance on Fire.
Andre versjonar Leningrad Cowboys spelte songen på 1917-1987 frå 1988. Billy Idol spela songen i 1990 på albumet Charmed Life. Tommy Krash. and Sinn var påverka av songen på «Science Girl», den første singelen frå albumet Jailbait i 2003 Ein remiks av Paul Oakenfold vart nytta i andre episode av Californication. Jane's Addiction spela songen som ein del av «L.A. Medley», i lag med songane «Nausea» og «Lexicon Devil». Particle spela songen i lag med Robby Krieger på Transformations Live. Verdsmusikkbandet Days of the New spela songen på Doors-hyllestalbumet Stoned Immaculate: The Music of The Doors. «Weird Al» Yankovic spela ein liten del av songen på den første polkamedleyen sin, «Polkas on 45» frå det andre albumet hans, "Weird Al" Yankovic in 3-D.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «L.A. Woman (song)» frå , den 20. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Total Guitar, Mai 1998, #43:86-96, Classic Track: LA Woman: The Doors by Joe Bennett (text) and Kit Morgel (song transcription) http://www.songfacts.com/detail.php?id=276 [ Allmusic entry, accessed 6/6/06]
Kategori:The Doors-songar Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Songar skrivne av John Densmore Kategori:Songar skrivne av Robby Krieger Kategori:Songar skrivne av Ray Manzarek Kategori:Songar skrivne av Jim Morrison Kategori:Songar om California Kategori:Songar om Los Angeles Kategori:Songar produserte av Bruce Botnick Kategori:Singlar frå 1990 Kategori:Billy Idol-songar Kategori:Leningrad Cowboys-songar