mini|«Dei frie offiserane» i 1952. Den egyptiske revolusjonen i 1952 (arabisk ثورة 23 يوليو 1952), også kjent som 23. juli-revolusjonen, viser til hendingane som styrta kong Farouk I av Egypt og monarkiet og innførte ein militærstyrt republikk i Egypt. Statskuppet blei utført av ei gruppe kjend som «Dei frie offiserane» den 23. juli 1952. Leiaren av gruppa, Gamal Abdel Nasser, blei den første presidenten i landet. Suksessen til revolusjonen inspirerte mange arabiske og afrikanske land til å fjerna pro-vestlege (særleg pro-britiske og pro-franske) regime.

Hendinga er minna i Egypt ved at nasjonaldagen deira er 23. juli, kjend som revolusjonsdagen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Den egyptiske revolusjonen i 1952» frå , den 20. mars 2011.

Denne artikkelen bygger på «1952 Egyptian revolution» frå , den 20. mars 2011.

Kategori:Revolusjonar på 1900-talet Kategori:Egyptisk historie Kategori:Konfliktar i 1952 Kategori:Konfliktar under den kalde krigen Kategori:Statskupp