Brown Willy (frå kornisk Bron Wennyly som tyder 'svaleåsen') er ein ås i Cornwall i Storbritannia. Toppen er det høgaste punktet i Bodmin Moor og heile Cornwall.

Åsen er kjend for Brown Willy-effekten, eit meteorologisk fenomen som skapar kraftige regnbyer. Dette kjem av at Cornwall, ei halvøy som strekkjer seg vestover, ofte fører til at vind frå sør og vind frå nord vert avbøygd langs kysten, slik at vindane konvergerer over Brown Willy. Dette medfører til hevinga av luftmassane og påfølgjande skyer og regn. Solgangsbrisen forsterkar denne effekten.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Brown Willy» frå , den 22. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Weatherhill, Craig (1995) Cornish Place Namns and Language

Kategori:Åsar i Cornwall