Sovjetunionen eller Sovjetsamveldet, i daglegtale ofte berre kalla Sovjet (russisk: Союз Советских Социалистических Республик (СССР)), var ein sosialistisk stat i Aust-Europa og Asia som eksisterte i perioden 1922 til 1991. Sovjetunionen var eit samvelde av 15 på papiret autonome republikkar, med Russland som den største og klart dominerande delrepublikken. Dominansen den russiske sovjetrepublikken gjorde til at Sovjetunionen ofte vart omtala som «Russland» eller «Sovjet-Russland» i Vesten, sjølv om denne nemninga ikkje var heilt nøyaktig.

Sovjetunionen voks fram i etterkant av den fyrste verdskrigen då det gamle russiske keisarriket gjekk under i den russiske revolusjonen. Etter ein kaotisk periode som vart kjend som den russiske borgarkrigen fekk bolsjevikane til Vladimir Lenin makta over mesteparten det gamle russiske riket. Etter at Lenin var død gjekk makta etter kvart til Josef Stalin, som med kommandoøkonomien sin og dei brutale metodane sine fekk landet gjennom ei storstilt industrialisering. I 1941 gjekk Nazi-Tyskland til åtak på landet, men etter fire år med dei mest omfattande krigshandlingane verda til no har sett stod Sovjetunionen att som ei av dei to supermaktene i verda. Etterkrigstida vart prega av den kalde krigen, ein ideologisk og politisk maktkamp mellom Sovjetunionen ein god del sosialistiske land på den eine sida og USA og mange vestlege land på den andre sida. Utover på 1980-talet vart det klart at Sovjetblokka tapte denne kampen, og då Mikhail Gorbatsjov overtok makta i Sovjetunionen i 1985 var det klart at det var naudsynt med grunnleggjande reformer i samfunnsstrukturen. Gorbatsjov klarte ikkje lenger å halde landet samla, og i løpet av 1990-91 gjekk den tidlegare så mektige Sovjetunionen i oppløysing.

Det sovjetiske samfunnssystemet var dominert av kommunistpartiet, eit parti som bygde på dei marxist-leninistiske prinsippa. Kommunistpartiet var det statsberande partiet i landet, og det einaste tillatne. Generalsekretæren i partiet var frå midten av 1920-åra den mektigaste personen i Sovjetunionen, og hadde langt meir makt og innverknad enn regjeringa og parlamentet. Sovjetunionen hadde verdas største planøkonomi, der alle aspekt av det økonomiske livet var forsøkt styrt sentralt frå hovudstaden Moskva, mellom anna gjennom såkalla femårsplanar. Landet var prega av liten politisk fridom der mellom andre KGB aktivt overvaka store delar av samfunnet. Landet hadde i glansperioden sin eit vel utbygd sosialt system med eit godt utbygd helsevesen og sosiale stønader.

Namn Det offisielle namnet til Sovjetunionen på russisk var Sojuz Sovetskikh Sotsialistitsjeskikh Respublik, Сою́з Сове́тских Социалисти́ческих Респу́блик [СССР] , Unionen [eller Samveldet] av sosialistiske sovjetrepublikkar [USSR eller SSSR]. Ordet «sovjet» tyder 'råd' og viste i Sovjetunionen til politiske representantar på alle nivå. Sovjetunionen blei opphavleg danna av fire sovjetrepublikkar: Russland, Ukraina, Kviterussland og Den transkaukasiske føderasjonsrepublikken.

Geografi Sovjetunionen var med dei 22 402 200 kvadratkilometrane sine den største staten i verda, og tekte ein sjettedel av det busette landområdet i verda. Storleiken på landet kan samanliknast med Nord-Amerika. Den vestlege delen av Sovjetunionen låg i Europa. Han utgjorde om lag 25 % av arealet og var det kulturelle og økonomiske tyngdepunktet i landet. Den asiatiske delen av Sovjetunionen strekte seg til Stillehavet i aust og til Iran og Afghanistan i sør, og var langt tynnare busett enn den europeiske delen. Frå Kaliningrad i vest til Diomedesøyane i aust var det over 10 000 kilometer og 11 tidssoner, og frå Nordishavet i nord til Kusjka ved den afghanske grensa var det nesten 5 000 kilometer.

Grenselinene i Sovjetunionen målte over 60 000 kilometer, og var dermed lengst i verda. Landet grensa til Nord-Korea, Folkerepublikken Kina, Mongolia, Afghanistan, Iran og Tyrkia i Asia, medan det i Europa grensa til Romania, Ungarn, Tsjekkoslovakia, Polen, Finland og Noreg. Heilt i aust skilde Beringsundet på 86 kilometer Sovjetunionen frå USA. To tredjedelar av grenselinene var kystline, der mesteparten låg ved Nordishavet.

Dei fleste naturgeografar delte landet inn i fem distinkte klimasoner. I nord låg tundraen, trelause område med permafrost. Deretter kom taigaen, det sibirske barskogsområdet. Sør for taigaen låg dei gigantiske steppene, skoglaust sletteland der mesteparten av jordbruket vart drive. Lenger sør låg tørre område med mykje ørken. Dei sørlegaste områda av Sovjetunionen var dominerte av fjell, både i Kaukasus og i Sentral-Asia.

Den lengste elva i Sovjetunionen var Irtysj, som saman med Ob danna det sjuande lengste vassdraget i verda, på 5 410 kilometer. Deretter kom Lena på 4 472 kilometer og Amur (delvis langs grensa til Folkerepublikken Kina) på 4 444 kilometer. Det høgste fjellet i Sovjetunionen var Kommunistfjellet (det som i dag er Ismail Samani) i Tadsjikistan på 7 495 meter. Nest høgst var Sigerstoppen i Kirgisistan på 7 439 meter, med Leninfjellet på grensa mellom Tadsjikistan og Kirgisistan som nummer tre med 7 134 meter. I den europeiske delen av Sovjetunionen var Elbrus det høgste fjellet med sine 5 642 meter, medan Volga på 3 692 kilometer var den lengste elva.

Sovjetunionen hadde òg fleire av dei største innsjøane i verda. Den største, Kaspihavet, låg hovudsakleg i Sovjetunionen (sørkysten grensa mot Iran). Andre store innsjøar var Bajkalsjøen, som òg er djupast i verda, og Aralsjøen, som var den fjerde største innsjøen i verda i 1960, men som sidan nesten er oppturka.

Demografi mini|venstre|Folketettleiken i Sovjetunionen i 1974. Grønt viser område med størst folkesetnad, gult område med minst folkesetnad.

Sovjetunionen hadde omtrent 293 millionar innbyggjarar i 1991, og var då den tredje mest folkerike staten i verda etter Folkerepublikken Kina og India. Landet hadde ein folketettleik på 13 personar pr. kvadratkilometer. Innbyggjarane var ujamnt fordelt, og folkesetnaden gjekk frå 129 personar pr. kvadratkilometer i Moldova til seks personar pr. kvadratkilometer i Kasakhstan.

Det var 23 byar med meir enn ein million innbyggjarar i Sovjetunionen i 1989. Den største byen i landet var hovudstaden Moskva med ni millionar innbyggjarar, medan Leningrad (no St. Petersburg) var nest størst med fem millionar. Blant dei andre større byane var delrepublikkhovudstadene Minsk, Kiev, Baku og Tasjkent.

Folkegrupper

Etniske russarar utgjorde majoriteten av innbyggjarane i Sovjetunionen. Dei utgjorde likevel ein stadig mindre del av det totale innbyggjartalet i landet, og i 1989 var parten nede i 50,8 %. Den samla delen slavarar (hovudsakleg ukrainarar, kviterussarar og russarar) var på same tid på 69,74 %. Dei sentralasiatiske muslimane utgjorde saman med aserbajdsjanarane 14,30 %, armenarar og georgiarar til saman 4 %, moldovarar 1,9 % og dei baltiske folkegruppene til saman 1,94 % av det totale sovjetiske folketalet (alle tal frå 1989).

Flesteparten av dei ikkje-russiske folkegruppene budde i sine respektive sovjetrepublikkar og i andre autonome område. Blant dei etniske russarane var det likevel mange som budde utanfor den russiske sovjetrepublikken. I Ukraina utgjorde russarane i 1989 21,1 %, medan delen russarar i Latvia og i Estland var høvesvis 32,8 % og 27,9 %. I Kasakhstan utgjorde russarane faktisk ein større del enn kasakhstanarar, med høvesvis 40,8 % og 36,0 %.Mandelbaum, s. 103.

Sovjetiske forskarar meinte lenge at urbaniseringa i landet ville føre til at dei forskjellige etniske gruppene blei integrert rundt eit felles sett med homogeniserte «sosialistiske verdiar», der folket ville dele felles, urbaniserte opplevingar, i tillegg til å ha felles faglege mål, kulturelle preferansar og familieverdiar. I følgje sovjetisk teori ville derfor etniske motsetnadar bli borte ettersom «yrkeskulturen» i byane erstatta «folkekulturen» på landsbygda. Teorien viste seg å vere ein myte, og sovjetstyresmaktene greidde ikkje å gje det multietniske samfunnet ei kjensle av ein felles, sovjetisk nasjonalitet.

Religion Det vart ikkje publisert offisielle tal over religiøs tilhøyrsle i Sovjetunionen, og landet var offisielt ateistisk. Vestlege kjelder seier likevel at om lag ein tredjedel av innbyggjarane hadde ei aktiv religiøs tilhøyrsle. Dei viktigaste religionane i landet var kristendommen og islam. Innanfor kristendommen var det Den ortodokse kyrkja som hadde størst oppslutnad, men landet hadde også katolikkar og ulike protestantiske trussamfunn. Flesteparten av muslimane i landet høyrde til sunniislam. Det var også ein jødisk minoritet i landet.

Det var store skilnader i kor stor grad religionen var ein del av dagleglivet til sovjetborgarane. Likevel var eit klart fleirtal av innbyggjarane ikkje-religiøse, dette gjaldt spesielt medlemmer av kommunistpartiet og andre i høge statlege stillingar. Ateisme vart framheva i skuleverket, og staten undertrykte religion i varierande grad gjennom heile levetida til Sovjetunionen. Til dømes var berre 500 av dei 54 000 kyrkjene i landet frå før revolusjonen opne i 1941.

Språk

Russisk var det dominerande språket i Sovjetunionen, og vart brukt i næringslivet, forsvaret, partiet og i statsforvaltinga. Alle hadde likevel ifølgje lova rett til å bruke sitt eige morsmål. Likevel vart russisk i offisiell språkbruk omtala som «språket for venskap og samarbeid for folka i Sovjetunionen». I 1975 uttala Brezjnev at «under den utvikla sosialismen, når økonomien i landet vårt har smelta saman i eit samanhengande økonomisk kompleks; når det har oppstått eit nytt historisk omgrep – det sovjetiske folket – er det ein objektiv vekst i rolla til det russiske språket som språket i internasjonal kommunikasjon når ein byggjer kommunismen, i utdanninga av det nye mennesket! Saman med eige morsmål vil det å snakke flytande russisk, noko som av sovjetfolket har vorte frivillig akseptert som ein felles historisk arv, bidra til ei vidare stabilisering av den politiske, økonomiske og andelege sameininga til det sovjetiske folket».

I Sovjetunionen vart det snakka hundrevis av ulike språk og dialektar frå fleire ulike språkgrupper. Dei austslaviske språka russisk, kviterussisk og ukrainsk dominerte i den europeiske delen av Sovjetunionen, medan dei baltiske språka litauisk og latvisk og det finsk-ugriske språket estisk vart brukt ved sidan av russisk i Baltikum. I Kaukasus vart det tyrkiske språket aserbajdsjansk brukt ved sidan av armensk og georgisk. I dei russiske nordområda var det fleire minoritetsgrupper som snakka ulike uralske språk, medan dei fleste språka i Sentral-Asia var tyrkiske. Unntaket i Sentral-Asia var tadsjikisk, som er eit iransk språk.

I 1918 vert det sendt ut eit dekret som sa at alle nasjonalitetar i Sovjetunionen hadde rett til opplæring på sitt eige språk. Dette førte til at det også måtte utarbeidast skriftspråk for alle språka som ikkje hadde det. Det fonemiske prinsippet vart lagt til grunn for alfabetiseringa. Dei nye ortografiane brukte anten det det kyrilliske, det latinske eller det arabiske alfabetet, avhengig av den geografiske tilhaldsstaden til språkbrukarane og den kulturelle tilknytinga deira. Etter 1937 gjekk ein over til å bruke det kyrilliske alfabetet for alle språka som hadde fått nytt skriftspråk etter 1917. Hovudgrunnen til dette var at det skulle verte lettare for dei språklege minoritetane å lære skriftspråket til både russisk og sitt eige morsmål. I 1960 vart skulelovene endra, og opplæringa vart meir dominert av russisk. Undervisinga på minoritetsspråk gjekk kraftig ned. På slutten av sovjetperioden føregjekk nesten all undervising på russisk i heile unionen.

Levealder og spedbarnsmortalitet