mini|Verda rundt 250. < 200-talet > var hundreåret frå 200 til 299.

Dette hundreåret hadde Romarriket ei krise som byrja med mordet på keisar Severus Alexander i 235, etterfølgd av ein periode med økonomiske vanskar, barbarinvasjonar, politisk uro, borgarkrigar og oppdelinga av riket i Det galliske riket i vest og Det palmyrske riket i aust. Keisar Aurelian vann tilbake tapet område og riket hadde ein stabil periode under Diokletian, slik at krisa var over i 284. Denne krisa markerte byrjinga på seinantikken.

I Persia blei Partharriket etterfølgd av Sassanideriket i 224, etter at Ardashir I nedkjempa og drap Artabanus V under slaget ved Hormozdgan. Sassanidane la så under seg mange av dei vestlege delane til Kushanriket. I India voks Guptariket fram mot slutten av hundreåret.

I Kina fortsette kaoset frå føre hundreår, og riket blei delt i Dei tre kongedøma Wei, Wu og Shu. Amerika Maisdyrking spreidde seg frå Mexico til Nord-Amerika.

Asia

Sør-Asia Pallava-dynastiet herska i Sør-India. Dei grunnla fleire hamnebyar langs Koromandelkysten og dreiv handel med Sri Lanka og Malaysia. Dei eldste byane blei grunnlagd på Deccanplatået. Den indiske ortodokse kyrkja voks i Sør-India. Sarnath blei eit buddhistisk kulturelt senter.

Stordomstida til kongeriket Funan i noverande Kambosja under Fan Shih-man (ca. 205-225)

Kina Han-dynastiet tok slutt i 220, då kongedømet Cao Wei tok over makta i Nord-Kina.

Persarriket under sassanidane la ut på felttog for å ta tilbake område tapte til romarane (230–232)

Europa Romarriket gjekk gjennom ein kritisk fase med borgarkrig, invasjonar og økonomiske frå drapet på keisar Alexander Severus i 235 og fram til keisarane Claudius II, Aurelian og Diokletian innførte fredelegare tider mot slutten av hundreåret. Dei eldste runeinnskriftene er frå denne tida.

Oseania Dei siste spora etter Stillehavskulturen Lapita og pottemakarkunsta deira er frå midten av dette hundreåret.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «3rd century» frå , og «IIIe siècle» frå den 7. januar 2008.

02