mini|Bygg-malt. Malt er ei matvare laga av korn som har spirt og så tørka. Som oftast bruker ein bygg til å laga malt ettersom det inneheld mykje enzym.www.beerbrewing.com Vidare kan ein trekkja ut maltekstrakt der ein skil sukkeret frå kornet. Malt er rikt på sukker (mono- og disakkarid) og B-vitamin.

Ein bruker særleg malt til ølbrygging og til å laga andre alkoholdrikkar, som whisky. Det blir også brukt til å laga eddik, bakevarer, drikkar som milkshake og vørterøl, og dessertar og godteri som mämmi eller Maltesers.

Maltekstrakt mini|Maltekstrakt av bygg som ein av ingrediensane når det vert laga bagelar. Maltekstrakt er ein søt substans som blir brukt som kosttilskot. Det var populært i første halvdel av 1800-talet som tilskot til arbeidarklasseborn i byane i Storbritannia, sidan kosten deira ofte mangla vitamin og mineral. Ungane vart gitt tran av same grunn, men den smakte så dårleg at den vart blanda ut med maltekstrakt.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Malt» frå , og «Malt» frå den 27. mars 2011.

Kategori:Brennevin Kategori:Matvarer Kategori:Kornprodukt Kategori:brygging Kategori:Søtingsmiddel