James Patrick «Jimmy» Page, OBE () er ein engelsk gitarist, låtskrivar og plateprodusent. Han starta karrieren sin som studiomusikar i London før han vart medlem av The Yardbirds frå 1966 til 1968. Etter det starta han det engelske rockebandet Led Zeppelin.

Han vert ofte rekna som ein av dei viktigaste og mest påverkande gitaristane og låtskrivarane i rockehistoria.Holly George-Warren, Patricia Romanowski, Patricia Romanowski Bashe & Jon Pareles (2001), The Rolling stone encyclopedia of rock & roll, Fireside Publishing House, ISBN 0-7432-0120-5, s.773. One of rock's most important and influential gitar players, writers, and producers, Jimmy Page has alternated between solo projects and collaborations with other superstars since the demise of Led Zeppelin in 1980.Bob Gulla (2009), Guitar Gods : The 25 Players Who Made Rock History, Greenwood Publishing Group, ISBN 0-313-35806-0, s.151. Rolling Stone har skildra han som «ypparstepresten i power-riff og truleg den mest digitalt sampla artisten i pop i dag etter James Brown.» I 2010 vart Jimmy Page rangert på andreplass på lista til Gibson over dei 50 beste gitaristane gjennom tideneTop 50 Gitarists of All Time. Gibson og i 2007 på fjerdeplass på lista til Classic Rock Magazine over dei 100 villaste gitarheltane.JIMI HENDRIX, DIMEBAG, TONY IOMMI, EDDIE VAN HALEN Are Among 'Wildest Gitar Heroes'. Blabbermouth.net Page vart rangert på niandeplass på lista til Rolling Stone over dei 100 største gitaristane gjennom tidene i 2003. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame to gonger, ein gong som medlem av The Yardbirds (1992), og ein gong som medlem av Led Zeppelin (1995).

Unge år Page byrja å spele gitar som 12-åring. Han vart etterkvart ein svært dugeleg gitarist, og var på midten av 1960-talet ein av dei mest etterspurte studiomusikarane i London-området. Gitarspelinga hans kan høyrast på plater med blant andre Nico, The Kinks, The Who, Tom Jones og Herman's Hermits. Etterkvart gjekk likevel Page lei av å berre spele andre sin musikk, og takka ja då han i 1966 fekk tilbod om å bli med i The Yardbirds.

Studiomusikar Som student jamma ofte Page på scenen på The Marquee med band som Cyril Davies sitt All Stars, Alexis Korner sitt Blues Incorporated og gitaristane Jeff Beck og Eric Clapton. Han vart oppdaga ein kveld av John Gibb frå Brian Howard & The Silhouettes, som spurte han om han ville hjelpe han å spele inn nokre singlar for Columbia Graphophone Company, mellom anna «The Worrying Kind». Det var først då han fekk eit tilbod hos Mike Leander frå Decca Records at Page byrja å jobbe som fast studiomusikar. Den første innspelinga for selskapet var innspelinga «Diamonds» av Jet Harris og Tony Meehan, som gjekk til førsteplassen på singellista tidleg i 1963.Dave Schulps, Interview with Jimmy Page , Trouser Press, oktober 1977.

Etter ein kort periode med Carter-Lewis and the Southerners, Mike Hurst and the Method og Mickey Finn and the Blue Men, byrja Page som studiomusikar på fulltid. Som studiogitarist var han kjend som «Little Jim» for å ikkje forveksle han med ein annan kjend britisk studiogitarist, Big Jim Sullivan. Page var i starten hovudsakleg nytta som «reserve» eller som andregitarist.

Page vart ein favoritt hos produsent Shel Talmy, og arbeidde derfor på songar for The Who og The Kinks, som Talmy arbeidde med. Australian Broadcasting Corporation - Triple J Music Specials - Led Zeppelin (first broadcast 12 July 2000) I 1964 arbeidde Page på Marianne Faithfull sin «As Tears Go By», The Nashville Teens sin «Tobacco Road», The Rolling Stones sin «Heart of Stone» (på Metamorphosis), Van Morrison & Them sin «Baby Please Don't Go» og «Here Comes the Night», Dave Berry sin «The Crying Game» og «My Baby Left Me», Brenda Lee sin «Is It True», Petula Clark sin «Downtown» og David Bowie sin «I Pity the Fool». I lag med produsent Talmy medverka Page på debutalbumet til The Kinks og han spelte 6-strengs rytmegitar på innspelinga for den første singelen til The Who, «I Can't Explain»Paul Du Noyer, «Who the hell does Jimmy Page think he is?», Q, august 1988, s. 5-7. (sjølv om Pete Townshend var motvillig til å la Page vere med på det endelege opptaket. Page spela òg sologitar på B-sida «Bald Headed Woman»).

I 1965 vart Page innleigd av Rolling Stones-manageren Andrew Loog Oldham som husprodusent og A&R-mann for det nyoppretta selskapet Immediate Records, der han fekk spele og/eller produsere songar av John Mayall, Nico, Chris Farlowe, Twice as Much og Eric Clapton. Page danna òg eit kort låtskrivarpartnarskap med den dåverande kjærasten Jackie DeShannon. Han skreiv og spelte inn songar for John Williams (ikkje den klassiske gitaristen) sitt The Maureeny Wishful Album med Big Jim Sullivan. Page arbeidde som studiomusikar på Donovan Leitch sitt Sunshine Superman i 1966 & the Johnny Hallyday-albuma Jeune Homme (1968) og Je Suis Né Dans La Rue (1969), Al Stewart-albumet Love Chronicles i 1969, og spelte gitar på fem songar på debutalbumet til Joe Cocker, With a Little Help from My Friends.

Yardbirds

Seint i 1964 forlet Eric Clapton The Yardbirds, og Page fekk då tilbodet om å verte den nye gitaristen. Han takka høfleg nei, sidan han ønskte å halde fram den lukrative jobben som studiomusikar. Jeff Beck vart då gitarist i stadenfor. Yardbirds var eit av dei første britiske bluesrockbanda. Berre veker etter at Page gav seg som studiomusikar, slutta bassisten Paul Samwell-Smith i Yardbirds. Page spurte bandet om han kunne få ta over og dei takka ja. Page starta som bassist, sidan Yardbirds alt hadde ein svært dugeleg gitarist i Jeff Beck, men etterkvart gjekk ein over til å ha både Page og Beck på gitar. Chris Dreja vart då flytta på bass.

Yardbirds vart oppløyst våren 1968 midt i ein europaturné. Beck hadde på dette tidspunktet alt forlate gruppa, og Page sette i gang prosessen med å starte eit nytt band som hadde arbeidstittelen «New Yardbirds».

Led Zeppelin

mini|portrett|Jimmy Page på konsert i Chicago, 1977.

Page har forklart at han hadde ein klår ide om kva han ønskte at Led Zeppelin skule vere heilt frå starten av:

Påverknad Erfaringa til Page som studiomusikar og med The Yardbirds var eit særs viktig bidrag til suksessen til Led Zeppelin i 1970-åra. Som produsent, låtskrivar og gitarist var han med å på å gjere Led Zeppelin til ein prototype for mange framtidige rockeband, og var ein av dei støre drivkreftene bak rockestilen på denne tida, som påverka mange andre gitaristar."Their Time is Gonna Come", Classic Rock Magazine, December 2007 Allmusic skriv at «nesten alle rockegitaristane frå seint i 60-åra/tidleg 70-åra til i dag har vore påverka av det Page gjorde med Led Zeppelin.» Til dømes nemner Dictators-bassisten Andy Shernoff at det raske Jimmy Page gitarriffet i «Communication Breakdown», ein påverkande song med element av protopunk,Greg Kot. Led Zeppelin: Album Guide . Rolling Stone.Barney Hoskyns (2006), Led Zeppelin IV: Rock of Ages, Rodale, Inc., ISBN 1-59486-370-9. var ein inspirasjon for gitarstilen til The Ramones-gitarist Johnny Ramone.Everett, True, Hey Ho Let's Go: The Story of The Ramones (2002): 13 Ramone, som har skildra Page som «truleg den største gitaristen nokon gong»,Conservative Punk's Interview with Johnny Ramone, conducted 2 April 2003 by telephone. Interviewer, Sgt. Robert Jones, U.S. Army, Fort Dix, New Jersey, with Johnny Ramone, at his home in Los Angeles. Henta 27. mars 2011. sa i dokumentaren "Ramones:The True Story" at han betra gitarteknikken sin med å spele denne songen om att og om att tidleg i karrieren. Brian May frå Queen, som òg var påverka av Page, har sagt at «eg trur ikkje nokon samanfatta skriving av riff betre enn Jimmy Page - han er ein av dei største hjernane innan rockemusikk.».Brian May: Personal Quotes. IMDB. Henta 27. mars 2011. Tom Scholz frå Boston var kraftig påverka av Jimmy Page og tilskriv dei doble gitarharmoniane i Led Zeppelin sin «How Many More Times» som ein inspirasjon for den særeigne stilen til Boston.Cocks, Jay. Time "Music: Boston's Sonic Mystery Tour " 25 September 1978 Gitarsoloen til Page i songen «Heartbreaker» er nemnd av Eddie Van Halen som inspirasjonen til den doble tappe-teknikken hans, etter at han såg ein Led Zeppelin-konsert i 1971.Chilvers, C.J. The Van Halen Encyclopedia (2001): 6 Steve Vai har òg kommentert songen i 1998 Guitar World: «Denne songen hadde størst innverknad på meg som ungdom. Det var utfordrande, modig og skarp som berre der. Det er verkeleg den definitive gitarsoloen i rockehistoria.»Jeff Kitts and Brad Tolinski. Guitar World presents one hundred greatest guitarists of all time

mini|venstre|Page i 2008 på Mojo Awards Mange andre rockegitaristar var òg påverka av Jimmy Page, som Ace Frehley, Joe Satriani, John Frusciante,Mucchio Selvaggio 2004 interview. Wikiquote. Henta 27. mars 2011. James Hetfield, Kirk Hammett, Zakk Wylde, Yngwie Malmsteen,[ Yngwie Malmsteen at Allmusic], Ritchie Blackmore, Tony Iommi, Joe Perry,Joe Perry Interviewed by Paul Elliott. Mojo. August 2004. Angus Young, Slash, Dave Mustaine,DAVE MUSTAINE: 'My Life Isn't About Name-Calling And Mud-Slinging' - 5 Apr. 2010. Blabbermouth.net Mike McCready, Jerry Cantrell, Stone Gossard, Mick Mars, Paul Stanley, Alex Lifeson,Alex Lifeson Interview. Guitar Player Magazine. Mars 2006. og Dan Hawkins.

Page har av Uncut vorte skildra som «den største og mest mystiske gitarhelten i rockehistoria».Nick Hasted. THE REAL JIMMY PAGE - PART 2 . Uncut. Henta 27. mars 2011 I følgje MSNBC spelte Jimmy Page «noko av den mest fundamentale og minneverdige gitaren i rockehistoria - frå dei tyngste riffa til den mest delikate fingerplukkinga.»The 10 best rock bands ever. MSNBC Den kjende, episke gitarsoloen til Page i «Stairway to Heaven» har vorte stemnd fram av lesarane av Guitar World og Total Guitar som den beste gitarsoloen gjennom tidene, og han vart kåra til «årets gitarist» fem gonger i 1970-åra av lesarane til Creem. Guitar World skreiv: «Truleg ein gitargud, er Jimmy Page ein av dei mest fengslande soloistane rockeverda nokon gong har sett.»SOLOING STRATEGIES: Jimmy Page. Guitar World I 1996 rangerte magasinet Mojo han som den sjuande beste gitaristen gjennom tidene. I 2002 vart han kåra til den nest største gitaristen gjennom tidene av Total Guitar. I 2003 sette Rolling Stone han som den niande beste gitaristen nokon gong. I 2007 rangerte Classic Rock Magazine han på 4. plass på lista deira over dei 100 villaste gitarheltane.JIMI HENDRIX, DIMEBAG, TONY IOMMI, EDDIE VAN HALEN Are Among 'Wildest Guitar Heroes', Blabbermouth.net I august 2009 rangerte Time Magazine han som den sjette beste elektriske gitaristen gjennom tidene.The 10 Greatest Electric-Guitar Players TIME I 2010 vart Jimmy Page rangert som den nest beste gitaristen gjennom tidene av Gibson.

David Fricke, redaktør i Rolling Stone, skildra i 1988 Jimmy Page som «truleg den mest digitalt sampla artisten i pop i dag etter James Brown». Roger Daltrey frå The Who har lenge vore fan av PageDaltrey eyes Page collaboration. Canadian Online Explorer. Henta 27. mars 2011. og sa at han ønskte å lage ei supergruppe med Page i 2010.Roger Daltrey Wants To Form Band With Led Zeppelin's Jimmy Page. Gigwise.com. Henta 27. mars 2011 Keith Richards frå The Rolling Stones har skildra Jimmy Page som «ein av dei beste gitaristane eg har kjend». Jimmy Page var den første som vart innlemma i British Walk of Fame i august 2004.Page gets first star on British Walk of Fame. USA Today. Henta 27. mars 2011. Page fekk prisen «Living Legend Award» av Classic Rock Magazine i 2007. I juni 2008 vart han æresdoktor ved University of Surrey for bidraga sine til musikkindustrien.

Etter Led Zeppelin mini|Page i Cow Palace i San Francisco, 1983