Ben Lui er eit fjell sør i Dei skotske høglanda i Skottland, øvst i Glen Fyne. Det er det høgaste og mest kjende av fire Munros som ligg sør for Glen Lochy, og om lag 10 km nord for Loch Lomond. Fjellet har ei høgd på 1130 meter over havet. Den andre tre fjella i gruppa er Beinn a' Chleibh, Ben Oss og Beinn Dubhchraig.
Ben Lui-fjella har status som nasjonalt naturreservat. Det fuktige landskapet er uvanleg frodig med mange fjellpalnter som bergsildre, mosar og lav.
Eit tjern i fjellsida av Ben Lui vert rekna som kjelda til den lengste elva i Skottland, Tay.http://www.bbc.co.uk/news/uk-Skottland-tayside-central-12243508
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ben Lui» frå , den 2. april 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Nasjonale naturreservat i Skottland Kategori:Fjell og åsar i Stirling Kategori:Fjell og åsar i Argyll and Bute Kategori:Site of Special Scientific Interest i Skottland Kategori:Verneområde i Highland