Ivar Christian Sommerschild Geelmuyden () var ein norsk lærar og stortingsmann frå Trondheim. Han var far til Carl Geelmuyden, Christian Geelmuyden var bror hans.

Geelmuyden vart student frå Bergens katedralskule i 1837 og cand. mag. i 1844. Sidan var han lærar ved Nissens latin- og realskole i Christiania, frå 1853 overlærar ved realskulen i Fredrikshald. Frå 1862 til han døydde var han rektor ved Bergens katedralskule. Han forfatta fleire lærebøker i geografi.

Geelmuyden var medlem av bystyret i Fredrikshald 1855-62 og i Bergen frå 1863. Han var ordførar i Bergen 1867-68 og 1873-75.

Geelmuyden representerte Fredrikshald på Stortinget 1857 og på omframstortinget 1858. På begge tinga var han sekretær i bankkomiteen. Frå 1865 til han døydde var han stortingsrepresentant for Bergen. Han var 1865-66 medlem av av kyrkjekomiteen og trykkekomiteen, 1868-69 av Lagtinget og kyrkjekomite nr 2, samt sekretær i trykkekomiteen. Perioden 1871-73 var han formann i trykkekomiteen og medlem av Lagtinget og vegkomiteen. 1874-75 var han formann i kyrkjekomiteen og framleis medlem av Lagtinget. 28. april 1875 fekk han permisjon grunna sjukdom. Tre veker seinare døydde han i Bergen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske pedagogar Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar for Fredrikshald Kategori:Ordførarar i Bergen Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Folk frå Halden