mini|Buddhist-flagg på ei snor ved buddhisttempelet i Rælingen.

Flagg, vimplar og flaggstenger blir brukt i samband med tempel i ei rekkje austlege religionar. Dei finst særleg ved mange djain- og hindutempel, sikh-gurudvaraer og ein del buddhistiske heilagdommar. Flagga kan brukast for å visa veg mot heilagdommen, senda signingar utover vitjande eller identifisera tempelet. Ofte blir tempelflagg heiste og tekne ned til særskilde tidspunkt med ein viss seremoni.

I buddhismen mini|Kinesisk tempel i Thailand. Ein finn flagg i fleire samanhengar i buddhistiske heilagdommar, til dømes rundt ein buddhafigur. Nokre stader heise ein flagg utanfor eit tempel eller kloster, til dømes det mangefarga buddhistiske flagget eller, i Thailand dharmahjul-flagg og det thailandske flagget.Buddhism ved www.crwflags.com; Thai temples ved thaiworldview.com Det buddhistiske flagget er av nokså ny dato, men blir brukt fleire stader i verda ved buddhistiske høgtider, særleg vesak.The Vesak Festival or Buddha Day ved buddhanet.net

Koreanske tempel har tradisjonelt hatt parvise flaggstengestøtter av stein eller jern kalla dangganjiju. Desse kan i dag markera kvar eit tempel har stått i eldre tid.GANYANG-RI DANGGANJIJU ved yesan.go.kr

I tibetansk buddhisme er flagg særskild mykje brukt. Bøneflagg i ulike fargar med tekst og bilete kan hengast på snorer frå toppen av til dømes ein stupa og ned mot bakken. Ein set også opp flagg på stenger.

I hinduismen mini|Vegtempel med tre trekanta vimplar i Gujarat. Nordindiske tempel har flaggstenger på spiret av sikharaer, høge tårn over heilage rom. Ein kan også ha flagg på tempelportar. Flagga kan ha form som rektangel, trekantar eller ha splitt. Dei finst i ulike fargar, som safrangul, kvit, raud eller raud-og-kvitstripa. Dei kan også vera dekorert med symbol, til dømes skriftteikn eller slangar for Sjiva.

Sørindiske tempel har flaggstenger (sanskrit dhvajastambha), ofte utan flagg, ståande fritt framfor tempelet. Her kan tempelvitjarar utføra si første kneling.P. V. Jagadisa Ayyar, South Indian shrines: illustrated Ved særskilde høgtider kan ein heisa flagg, ein seremoni som i Kerala blir kalla kodiyettam og offisielt opnar høgtida.Ritual Arts and Temple Ritual Performances ved thiruvallaonline.com; Idukki - Pilgrim Centers ved iddukki.net; The Anayottam or ‘Elephant Run’ at Guruvayur ved enchantingkerala.org

På Bali pynter ein tempel og andre stader med umbul-umbul, fargerike, avlange flagg som heng loddrett langs ei stong, ved høgtider.Bali Temple Ceremony Photo ved www.balistarisland.com

I sikhismen mini|Gurudvara med to safranfarga flaggstenger og flagg i Pushkar. Utanfor dei fleste gurudvaraer heng eit trekanta flagg kalla Nishan Sahib. Flagget har ein dusk i enden og eit symbol kalla khanda. Det er er safranfarga eller blått, blåe flagg viser til at gurudvaraen høyrer til nihangrørsla. Flagga blir heiste opp på høge, tøykledde flaggstenger og bytta ut kvart år ved baisakhi.

Kjelder Denne artikkelen inneheld stoff frå :en:Prayer flag «Prayer flag» frå , den 5. april 2011.

Denne artikkelen inneheld stoff frå :en:Nishan Sahib «Nishan Sahib» frå , den 5. april 2011.

Kategori:Religiøse symbol Kategori:Flagg