Ole Olsen Jullum () var ein norsk lærar, kjøpmann og stortingsmann frå Leksdalen i Nord-Trøndelag.
Jullum var son til ein gardbrukar. Han vart seminarist frå Klæbu i 1851. Dei neste 13 åra var han lærar ved Kristiansunds høgare allmennskule. Sidan var han kjøpmann i byen fram til han gjekk konkurs i 1888.
Jullum var medlem av bystyret i Kristiansund frå 1867 til -88, frå 1876 sat han i formannskapet. Han var formann i Kristiansunds arbeiderforening i mange år, og medlem av komiteen som arbeidde for jarnbane gjennom Sunndalen. Jullum var mykje interessert i historie, og samla eit omfattande materiale til Nordmøre si historie.
Perioden 1883-85 var han Kristiansund sin representant på Stortinget. Han var då medlem av Lagtinget og av budsjettkomiteen, samt i 1883 av traktatkomiteen. I riksretten 1883-84 hadde han ikkje sete, då dei påklaga skaut han ut. Han var med i partiet Venstre frå det vart danna.
Jullum døydde på garden Edøy i Edøy herad, i dagens Smøla kommune, i 1906.
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Ole Jullum frå Historisk befolkningsregister
Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar for Kristiansund Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Lokalpolitikarar i Kristiansund Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Stjørdal Kategori:Folk frå Kristiansund