Andreas Olsen Berger (), også kjend som A.O. Berger, var ein norsk gardbrukar, lekpreikar og stortingsmann frå Eidsvoll. Han representerte partiet Høgre.
Berger var son til ein gardbrukar. Han var gardbrukar på Haga i Eidsvoll frå 1864 til 1902. Tida 1867-1910 var han medlem av heradsstyret, ordførar dei siste seksten åra. Endå lengre, 1866-1910, var han med i skulestyret. Han var forlikskommissær frå 1873, presten sin medhjelpar frå 1879, og medlem av amtsutvalet. I 1906 var han utsending frå Akershus amt til kongekroninga i Trondheim i 1906.
Berger representerte Akershus amt på Stortinget frå 1889 til 1897. Heile tida var han medlem av Kyrkjekomiteen. I 1879 var han medlem av ein kongeleg kommisjonen som arbeidde med å revidere dissentarlova.
Han døydde på Dal i Eidsvoll.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff Fædrelandet 26. mai 1887
Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Folk frå Eidsvoll